I 2016 feirar Landsfestivalen i gammaldansmusikk 30 år, og blir for første gong arrangert i Sogn. Festivalleiar Synnøve S. Bjørset har to ønskje til alle spelemenn og dansarar i fylket: - Meld dykk på tevlingane og meld dykk som frivillige medarbeidarar!
Velkomne til Vestlandskappleik 9.-11. oktober på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa. Indre Sunnfjord Spelemannslag er vertskap, og ser fram til å ta imot spelemenn, songarar og dansarar frå heile Vestlandet til venskapleg kappestrid og lystig samvære heile helga til endes. PÅMELDINGSFRIST 30. SEPTEMBER
Rått spel og gnistrande musikalitet kjenneteiknar dei to markante Setesdal-spelemennene som får æra av å pangstarte Vestlandskappleiken 2015! Dei har med seg både hardingfele, fele og munnharpe—og ikkje minst arven etter legendariske Torleiv H. Bjørgum.
Dei profilerte folkemusikarsystrene Ragnhild og Eldbjørg Hemsing er mellom trekkplastera på Jeremias-festivalen. For fjerde gong skal Jeremias-festivalen, oppkalla etter folkemusikaren Jeremias Henden, gå av stabelen på Sandane. Arrangøren lokkar med fleire sterke namn.