Petter Eide frå Gloppen var ein allsidig kar.
Lokalhistorikar, museumsmann, kunstmålar, tradisjonsberar, forteljar, dansar og spelemann er berre nokre av dei merkelappane ein kan setje på han. Ein kulturberar i vidaste forstand.
100-årsdagen er 9.februar, men han gjekk bort 93 år gamal 26. oktober 2018.
I 2025 ynskjer vi lage til ein mimrekveld til minne om Petter Eide. Han var ein svært sosial person som likte å vere med på so mykje, både for sjølve aktiviteten, men òg ikkje minst for å treffe folk. Difor er ein kveld der spel og dans skal stå i sentrum for eit vonleg triveleg og sosialt møte laurdag 1.mars i Gimle på Sandane det vi ber inn til.
Vi ynskjer å invitere spelemannslag, grupper, einskildspelemenn i Nordfjord og Sunnfjord til å bidra med dansespel denne kvelden.
Og har de også ein slått og/eller ei god historie som kan knytast til Petter, hadde det vore artig å få høyre! Dette blir programinnslag som de kan knyte til dansespelet de bidreg med. Vi kjem altså ikkje til å ha ein eigen konsert-/underhaldningsdel denne kvelden.
Gloppen Hardingfelelag får god assistanse av Gloppen Bygdekvinnelag som serverer heit og god suppe, kaffi og ein kakebit til dei som melder seg på til dugnadsspel denne kvelden. Dette blir servert mellom klokka 19.00 og 20.00 i matsalen i Gimle. Då håpar vi at også søgjen og praten kan gå fritt spelemenn og -kvinner imellom.
PROGRAM:
Kl.19.00 – 20.00 Mat i matsalen til dei påmelde dugnadsspelarane.
Kl.20.00 – og utover kvelden: Dans til musikk frå spelemannslag, grupper og spelemenn. Speleliste kjem vi attende til.
Kl.01.00 – Takk for takjet og laget! Vel heim!
PÅMELDING: Skriftleg pr epost til Aslak Johnsen innan 10.februar!
Vi treng vite antal deltakarar som blir med på dugnadsspelinga denne kvelden.
Deltakarane vil få ein billett kvar som dei leverer når dei hentar maten.
Om det er nokon som må ha tilrettelagd mat, ber vi om info om det også. Vi kan ikkje love at vi kan tilby alle «variantar», men skal gjere så godt vi kan.
Om det elles er noko vi treng vite/informerast om, send nokre ord i eposten.
Speleliste vert laga til når vi veit kven som kjem og sendast ut til uttale.
Hjarteleg velkomen!
Helsing Gloppen Hardingfelelag
Kontaktar:
Styreleiar John Andreas Ravnestad 415 07 909 Epost: jravnestad@gmail.com
Skrivar Elin Pehrson Grytting 907 67 127 Epost: elin.grytting@online.no
Musikalsk leiar Aslak Johnsen 905 39 237 Epost: jo-aslak@online.no