Påmelding UngLåt 2026
Her kan du melde deg på UngLåt 2026! Påmeldingsfrist 17. mai!
Her kan du melde deg på UngLåt 2026! Påmeldingsfrist 17. mai!
Toraderkurs på UngLåt! Vi er så heldige å få med Vegard Hansen som er ein særs dyktig toradar- og trekkspelar frå Aure i Nordmøre som er busett på Voss! Han jobbar i hardingfela.no og underviser, samt at han spelar i den nystarta gruppa Skrot og i duo med Ragna Valde Sletten som òg kjem til UngLåt! Vi gler oss og håpar mange blir med på toradarkurs på UngLåt! Hugs å meld dykk på på unglaat.no innan 17. mai🪗
Heimelaget øver på Jølster samfunnshus på Skei 30. mai, fram mot Landsfestivalen. 31. juli er datoen laget skal tevle og spele til dans på Vågå!
Pederhusveka 2026 skjer 19.-21. juni på Breim med mykje kjekt program. Meir kan du lese her!
TØFT-kurs i spel på fele og hardingfele søndag 26.april 2026 for deg som er mellom 9 og 20 år i ungdomshuset Fjellvarden på Fjelli, arrangert av Spelemannslaget Fjelljom vart utsatt til seinare på sommaren. Arrangør kjem tilbake med tidspunkt.
Kari Malmanger held kurs i folkesong i samfunnshuset på Flåm i Aurland 10. mai!
Det vert konsert med FOLKSOMT og Folkemusikklaget Havbrusen 23. mai på Samvirket i Dale!
Sogn og Fjordane folkemusikklag sende 20. april inn eit høyringssvar på rapporten "Evaluering av regionale effektar av distriktsmusikarordninga" laga av Telemarksforskning.
Her kan du melde deg som frivillig til Vestlandsakappleiken 2026 2.-3. oktober på Skei.
Hardingfela.no inviterer til den første av ein serie danseseminar. Dansedriv skal løfte fram ulike tradisjonsdansar frå Vestlandet gjennom praktisk dans, arkivfilmar og dansespel. Første samling vil handle om rull.
Er du ein instruktør innan folkemusikk og folkedans, eller ynskjer du å prøve å instruere? Har du tradisjonskunnskaper du ynskjer å vidareformidle? Vil du vere med å bidra til at den levande folkemusikken og folkedansen består?
Sogn og Fjordane folkemusikklag ynskjer å kartlegge instruktørressursane innan folkemusikk og folkedans i Sogn og Fjordane. Vil du vere med på laget, så fyll gjerne ut skjemaet her.
Folkemusikkgruppa Kvarts er på turne våren 2026 og kjem altså til Balestrand og Ciderhuset 24. april kl. 20.
Fredag 24. og laurdag 25. april 2026 blir det KURS i RØROSPOLS MED DANSEFEST i FOSSHALLA ungdomshus.