Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Copy of Banner VK25 (2)

Program Vestlandskappleiken 2025

Her ser de programmet for VK 2025. NB: Oppgjevne tidspunkt kan få mindre endringar, - dette blir opplyst frå programleiar. Programheftet kan lastast ned her
OBS: Utdeling av Audhild Moxnes minnepris blir flytt frå laurdag kl. 22:30 til laurdag kl. 20:30!

 
Skjermbilde 2025-09-25 162618

Vestlandsmeisterskap i toraderspel

10.-11. oktober vert det òg vestlandsmeisterskap i toraderspel på Ole Bull akademiet på Voss. Her kan du sjå meir info og påmelding!

bolstadpris

Bolstadprisen 2025

Vi gratulerer Solveig Eide Grønningsæter med Bolstadprisen 2025. Prisen vart delt ut på Fjelljomfestivalen i helga.

543104986_1382432497221415_8646420204487511652_n

Sudan Dudan og krasjkurs i sunnfjordspringar

Bli med når Førdefestivalen tilbyr ein spennande ‘ny’ pakke: krasjkurs i sunnfjordspringar + konsert med superduoen Sudan Dudan! Alt skjer på kunstmuseet i Førde! 19. oktober kl. 18-20. Dei kjem òg andre stader på Vestlandet. Sjå oversikta her.

Foto: Reed foto

Bli med på øving/kurs i Heimelaget 20. september

Sjølv om Heimelaget har hatt sin opptreden på Landsfestivalen i Oppdal i sommar, held vi fram å treffast på Jølster Samfunnshus på Skei. Neste gong er fyrstkomande laurdag 20. sept kl. 12-15.

Harald Hesjevoll - Foto Kay Berg

Minneord om Harald Hesjevoll (1946-2025)

Vi minnast ein hardingfelespelar, trekkspelar, komponist, eldsjel, nestor, tidlegare musikalsk leiar i Jostedal, tidlegare fylkesmusikar, æresmedlem i Jostedal spel- og dansarlag og mottakar av Folkemusikkprisen 2008 Harald Hesjevoll. Takk for alt du har gjort for folkemusikken!

TØFT oppsummering vår 2025 (1)

TØFT våren 2025

Våren 2025 fekk 5 søkjarar tilskot til TØFT-prosjekt. 3 av desse gjennomførte prosjektet, medan 2 måtte utsetje prosjektet til hausten. Vi takkar så mykje alle som var med på vårens prosjekt, særleg Gjensidigestiftelsen som har sponsa prosjektet. Her kan du lese litt om korleis TØFT-prosjekta våren 2025 gjekk.

522714691_1049860923972271_3927848873593034907_n

Folkemusikkpub 8. august

Fredag kveld 8. august kl. 21 under Fest i Fjaler lagar Folkemusikklaget Havbrusen med vener stemning i Løa.

No events to display

SOGN OG FJORDANE FOLKEMUSIKKLAG