Laurdag 29.nov. kl 1814 vert det ope hus med gratiskonsert med duoen Øyvind Lyslo/Arne M. Sølvberg, 75-årsdag til Arne, kaker, allsong og dans i Fjellvarden ungdomshus på Fjelli i Stryn.
Ta med borna dine på Bornas verdsdag i Førde 22. november! Der er mellom anna verkstadar som Folkedans med Ole Nilssen, Toradar med Ingrid Sørheim og Song for dei minste med Kari Malmanger.
Anten du kjem for å møte vener, drikke øl, høyre på levande musikk, eller bidra med eit instrument vert det garantert god stemning i Løa i Dale i Sunnfjord 7. november frå kl. 20.
Hald av datoane 7.-9. november, for då er det Skeitreffen att på Thon Hotell Jølster, med mykje trekkspelkonsertar, dans og distriktsmeisterskap i trekkspel!
AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES SIN MINNEPRIS TIL UNGE UTØVARAR PÅ HARDINGFELE 2025 er tildelt Anders Møn Mjelde frå Voss. Prisen, som er på 20 000 kroner, vart delt ut på Vestlandskappleiken i Øystese, laurdag 11. oktober.
I år fyller Hyen spelemannslag 55 år, og det må feirast! Hyen spelemannslag og Hyen bygdekvinnelag ynskjer velkomen til jubileumsfest i Hyen laurdag 18. oktober kl. 19:30 i Hyen samfunnshus og idrettsbygg.. Dei har invitert med seg eit flott lag av bidragsytarar til konsert og dansespel!
27. september vert det spel og dansetreff på Hotel Raftevold frå kl 19. Det byrjar med konsert med Honndalsmusikken, Egil Furenes og Hyen spelemannslag. Deretter vert det dans til 6 ulike spelemannslag og grupper.