VELKOMMEN TIL VESTLANDSKAPPLEIKEN 2011

Sande i Sunnfjord 7.-8.oktober

 

Spelemannslaga Dalsfjorden og Gaular er i år arrangørar av Vestlandskappleiken. Laga har også tidlegare samarbeidd mykje, og er naboar i kommunane Fjaler/Askvoll og Gaular. Møteplass og tevlingsstad denne gongen er Sande i Sunnfjord.

Hovudnemnda legg opp til ein innhaldsrik tevlingsdag på Sande skule laurdag, men  håpar også at mange får med seg fyrespelet på Sande Kro & Hotell fredagskvelden. Her vil ein av landets beste utøvarar på hardingfele, Håkon Høgemo, få presentere seg og speletradisjonane han representerer gjennom ein ”tett på”-konsert.

Kveldssamlingane vert på ”Kroa” både fredag og laurdag, med rikeleg høve til dans. Me vonar kappleiksdeltakarane vil syte for musikken! Premieutdelinga vil òg finne stad her.

Sundag kan ein før heimreisa nyte ein roleg dag i den vakre naturen vår, og/eller ta del i ei høgmesse i Sande kyrkje - prega av folketonar. 

Så er det å vone at alle tevlarar og tilreisande publikum, lokalt og langvegsfrå, skal få gode og stemningsfulle kappleiksdagar på Sande!

Velkomne til kappleik!

 

Kappleikslogoen er utforma av Knut Skoghei

| Mer++