Ein solrik laurdag midt i febuar haldt Ole Nilssen og Kristoffer Kleiveland dansekurs i pols. 22 deltakarar møtte opp kl. 10:00 - friske og raske - til fem timar med polstrening. Ole Nilssen var kursinstruktør og Kristoffer Kleiveland haldt musikken i hevd på toradar.

- Kjempe gjeng, og så mange bra spørsmål og problemstillingar som dukka opp, seier kursinstruktøren etter endt kurs. Nokre av deltakarane hadde dansa mykje før, medan andre var heilt ferske på pols. Og alle var dei motiverte etter kurset.

I lunsjpausen var det ivrig diskusjon rundt borda om ulike tema om takt, rytme, pols, flyt, og etter siste kursøkta og etter den offisielle avtakkinga av instruktør og spelemann, var det framleis dei som berre skulle prøve litt til - og litt til - på dansegolvet.

Heldigvis var det dans om kvelden i regi av John Oddvar Kandal med den tradisjonsrike Aftan på Ålhus. Det har dei siste åra blitt ein viktig samlingsstad for danseglade frå heile fylket og samlar nesten fullt hus kvart år.