Leiar i Vågå trekkspillklubb Torleif Kvehaugen i Vågå og treffgeneral Arne Stasviken saman med Arve Bjørn Røneid. Foto: Fjuken

Vågatreffen 1. november:

VÅGÅFATET 2013 TILDELT ARVE BJØRN RØNEID

Arve Bjørn Røneid frå Luster vart tildelt heidersprisen Vågåfatet 2013 då Vågatreffen vart arrangert for 37. gong. Leiar i Vågå trekkspillklubb Torleif Kvehaugen i Vågå og treffgeneral Arne Stasviken delte ut prisen til Arve Bjørn under konserten laurdag 1.november.

Ved utdelinga vart det framheva at Arve Bjørn Røneid er ei eldsjel som driv med det meste innan musikk. På lista over tidlegare prisvinnarar finst namn som Oddvar Nygård og  Ola Opheim som vann Vågåfatet fyrste året i 1977 og fjorårsvinnar Sven Nyhus og Tore Løvgreen.

Vi gratulerer!

| Mer++