Folkemusikkstipend

Vestland fylkeskommune deler kvart år ut folkemusikkstipend. Dette skal oppmuntre til kunstnarleg utvikling og styrke og sikre arbeid med immateriell kulturarv. Søknadsfristen er 1. juni 2024.

Vi lyser ut

  • Folkemusikkstipend – eitt stipend á 60 000 kr
  • Folkemusikk Ung – to stipend á 25 000 kr til søkjarar under 30 år

Folkemusikkstipenda skal gje høve til kunstnarleg utvikling og eksperimentering. Ordninga skal styrke og sikre arbeidet med immateriell og handlingsboren kulturarv.

Det vert ikkje gitt støtte til offentleg godkjend utdanning som til dømes gjev rett til studielån.

Det vert ikkje gitt støtte direkte til utstyr og instrument. 

Søknadsfrist

1. juni 2024

Stipenda kan tildelast musikarar, songarar og dansarar, og dei som arbeidar med dokumentasjon, formidling eller instrumentbygging. 

I vurderinga vert det lagt vekt på kunstnarleg og fagleg nivå.

Søkjarar må vere busette i Vestland, og stipenda kan berre søkjast av enkeltpersonar (ikkje grupper).

Søkjar må fylle ut det nettbaserte søknadsskjemaet for ordninga. Det er ikkje krav om budsjett i søknaden.

Du kan vise til relevante nettlenker og leggje ved eitt PDF-vedlegg på inntil 9 MB. Du kan laste opp lyd- og filmfiler i tillegg der dette er relevant.

  • Det blir gjort ei skjønsmessig vurdering av aktivitet og kvalitet.
  • Det blir lagt vekt på korleis søkjar gjennom søknaden presenterer seg sjølv, og korleis ein vil nytte ein stipendperiode til utvikling/fordjuping/ fagleg påfyll.
  • To av stipenda skal tildelast søkjarar under 30 år.
  • Det er eit mål å stimulere til at det er høve til å leve og arbeide med immateriell og handlingsboren kulturarv i alle deler av fylket.
  • Det skal vere kjønnsbalanse i tildelinga – ut frå søkjarmassen som ligg føre.

Fylkeskommunen kan krevje betalt attende tilskot som vert nytta i strid med gjevne vilkår. 

Det vert oppnemnd ein rådgjevande fagkomité for stipenda. Komiteen vert sett saman av fagfolk frå utvaldekunstorganisasjonarog -institusjonar. Det skal vere ei blanding av fagfellevurdering og anna relevant fagleg kompetanse i komiteane.   

Følgjande organisasjonar/institusjonar har nemnt opp medlemmer til fagkomiteen for folkemusikkstipend perioden 2022-2023:   

  • Hardingfela.no  
  • Hordaland Folkemusikklag  
  • Sogn og Fjordane folkemusikklag 
  • Hordaland Ungdomslag  
  • Sogn og Fjordane Ungdomslag
  • Osafestivalen  
  • Førde internasjonale folkemusikkfestival  

Organisasjonane står fritt til å velje kven dei vil peike ut som sine representantar til komiteen.Medlemmane skal oppnemnast fortoår av gangen. 

Stipendkomiteen er rådgjevande og skal vurdere og innstille søkjarar. 

Basert på arbeidet i komiteen gjer avdelingsdirektør i medhald av delegert mynde endelege vedtak i saka. 

Dei som får tildeling må sende inn kort rapport på bruken av stipendet innan 3 månader etter at stipendperioden er ferdig. Rapporten skal syne korleis stipendet er nytta, og kva resultat mottakaren har oppnådd i perioden.  

Vedtak om tildeling av stipend  er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2 første ledd bokstav b. Det er såleis klagefrist på vedtaket innan 3 veker etter at det er motteke skriftleg underretning.

Tildelte folkemusikkstipend 2022

Folkemusikkstipend 60 000 kr
Sigrid Moldestad 

Folkemusikk Ung- stipend 25 000 kr
Mathilde Skjæret 
Lukas Pawelka