tøft-2

Satsar på ungdom

TØFT - første ungdomssamling

Sogn og Fjordane Folkemusikklag fekk i juni 2017 tildelt kr 100 000,- frå FolkOrg og Dextra Musica til nysatsinga TØFT
TØFT er eit rekrutteringsprosjekt for ungdom i Sogn og Fjordane som driv med folkemusikk og folkedans. Formålet med prosjektet er å samle og rekruttere ungdom mellom 12 til 18 år frå Sogn og Fjordane til sosiale ungdomssamlingar fordelt på fire helger i året.
 
Folkemusikklaget ønskjer no kontakt med lokale lag, kulturskular og folkemusikkmiljøet generelt for å fange opp alle aktuelle ungdomar til prosjektet, og for å be om hjelp.
 
- Vi ønskjer å ha eit godt samarbeid med lokallaga og håpar fleire er villige til å bidra opp mot ungdomssamlingane. Vi treng hjelp til alt frå nattevakt, matlaging, dugnadsspeling til dansekurs, skyssing av ungdomar - her er det varierte oppgåver som kan passe alle. Draumen er at vi får på plass nokre reiseleiarar som kan skysse ungdomane frå heimplassen og til ungdomssamlingane. Men, først av alt må ungdomane få vite om prosjektet, fortel Ingrid Heieren energisk.
 
Første ungdomssamling
Under Fjelljomfestivalen 27.-29. oktober vert den første ungdomssamlinga arrangert. Her vert det ulike kurs i fele, hardingfele, dans og song frå fredagsettermiddag til søndagsføremiddag. Fjelljomfestivalen arrangerer konsertar fredagskveld, laurdag på dagtid og kveldstid, og det vert dans i Fjellvarden laurdagskveld. Overnatting er på Nordfjord Fritidssenter. Og det beste av alt? Det er gratis for alle ungdomar mellom 12-18 år.
 
Prosjektet er støtta av FolkOrg/Dextra Musica, Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Rådet for folkemusikk og folkedans
 
| Mer++