Det var spente ungdomar som tysdag 9. juni møtte opp på Førdehuset - klare for å erobre verda.

- Førde Kulturskule har kvart år sommaravslutning i juni, og i år ynskte vi å invitere inn alle hardingfelespelarane i denne aldersgruppa til felles avslutning, fortel Synnøve Bjørset, kulturskulelærar ved Førde Kulturskule. Ho stod, saman med Ingrid Heieren og Leif Erik Stuhaug, for organiseringa og opplegget for dagen.

Dei 14 ungdomane er frå Førde Kulturskule, Gaular Spelemannslag, Dalsfjorden Spelemannslag og Naustdal Spelemannslag.

- Det er noko spesielt med å vere ein heil gjeng som spelar ilag, fortel Leif Erik, og særleg når ein står på scena. Det er moro!

Avslutninga var første øving i Sunnfjord juniorspelemannslag, med både pizzapause og hentekonsert for foreldra. Til hausten vert det faste øvingar ein gong i månaden.