Kva i alle dagar er det ein gjev seg ut på når ein melder seg som deltakar på eit kurs for vidarekomne i folkeleg dans med Ami Petersson Dregelid og Ellika Frisell?

Skal tru kva dette går ut på? var tanken i forkant av kurset. Då me var komne i gang slo eg fast: Du kor kjekt det er, alt me får prøva å læra. Så flink, presis, mjuk og direkte instruktør, så flink spelekvinne som tryllar fram dei venaste dansetonar, så kjekke og interesserte kursdeltakarar. Då veka var ute og kurset ferdig tenkte eg: Å nei! er det slutt alt, nett då det hadde vorte så utruleg kjekt. Kva har skjedd, skal me ikkje vera saman og læra meir i neste veke?

Og eg tenkjer: Går det verkeleg an å seie noko om kva dette kurset betyr for dei som er glad i dans?

At Sogn og Fjordane Folkemusikklag har kurs over ei veke, der born, ungdommar og vaksne kan læra å spela fele, hardingfele, toradar, trekkspel, song og dans på same staden, må vera ei god oppskrift for å laga eit godt og triveleg miljø. Alle som har vore der tidlegare treffer att gode venner og nye venner blir lagt til (på facebook også). Ved måltida er alle samla, konsertar, dans og framsyningar er felles for alle, og ut over kveldane blir det tid til prat og hyggje. Så eit slikt kurs må vera utruleg viktig for å byggja eit godt folkemusikkmiljø.

Som deltakar hjå Ami og Ellika blir me leika inn i dansen med god rettleiing og flott musikk. Me starta med å dansa litt reinlendar, kanskje mest for at Ami då ser kva me kan og korleis me rører oss etter musikken, om me har balanse, er me avslappa eller spenner me både pust og musklar som ikkje trengs? Er me tilstades i dansen, lyttar me med kroppen til den partnaren me dansar med?

Og kva med Ellika og musikken hennar, høyrer me etter? Kva signal gjev me attende til ho? Tek me musikken inn under huda, let me Elika få ”sitja” på skuldrene og spela slåtten inn i øyro ned gjennom ryggmergen slik at dansen og musikken kjem att frå hjarta og ut gjennom heile kroppen, i stor som liten?

Om de spør - Kor mange dansar lærde de? Vel, då blir svaret at me arbeidde med reinlender og bingsjøpolska. Men instruktørane sine tankar og idear var ikkje at me skulle læra flest mogleg dansar, men at me skal bli meir klar over kva me dansar, korleis me dansar og kvifor dansen kan bli både enklare og betre enn han var før. Me lærer mykje gjennom å fylgja Ami sine instruksjonar, men like viktig er det å herma etter andre, læra av dei andre kursdeltakarane, finna ut kva lure og gode ting dei gjer. Når me gjekk og øvde steg var me av og til så konsentrerte at me gløymde å høyra på musikken. Då trampa Ellika litt i golvet eller senka takta, så fekk ho enkelt syna at me ikkje skulle gløyma å høyra etter.

Rundsnu og snuteknikk lærde me òg. Dette går også att i dei fleste runddansane og bygdedansane me har. Korleis held me i partnaren? Dreg me? Lyfter me? Kva med balansen? Har me gjeve nok rom for inndansinga til rundsnuen? Når så dei små detaljane fell på plass, går både dansen og rundsnuen som ein leik. Pusten går heilt ned i magen der han skal vera, armane ligg enkelt på rett plass, me står rett i forhold til partnaren og kan snu ”nesten” i timevis.

Dette var eit særs lærerikt kurs med gjevande instruktørar og kjekke kursdeltakarar. Og det vil alltid vera nytt å læra om ein er med både to-tre eller fire gonger med Ami og Ellika.

For Mokursdeltakarane 2011,

Oddbjørn Skjerdal