Lagdans%2BFjelljom

FolkOrg, 29. april

Spelemannslaget Fjelljom er nominert til årets lokallag

Dei nominerte til årets lokallag er nå klare. Dei tre laga som er nominerte kjem frå Sogn og Fjordane, Hordaland og Oppland. Prisen vert delt ut under Landsmøtet i FolkOrg siste helga i april.

Kvart år deler FolkOrg ut pris til eit lokallag og ein folkemusikkarrangører som på kvart sitt vis har utmerka seg spesielt.

Årets lokallag

I år går prisen til eit lag som gjer en vesentleg innsats for at folkemusikken og folkedansen er synleg i samfunnet, gjerne gjennom samarbeid med ulike institusjonar, eller andre organisasjonar, og gjerne på tvers av sjangre. Dei nominerte til prisen for årets lokallag 2017 i FolkOrg er Spelemannslaget Fjelljom, Voss spelemannslag og Vågå spel- og dansarlag.

I forkant av utdelinga vil vi presentere kvart enkelt lag her på heimesida.

Prisen er på 10 000 kroner, og vil bli delt ut under årsmøtet i FolkOrg siste helga i april.

| Mer++