Krudlalaget

3. mars i Sogndal

Smørbukkappleiken for dei yngste

Årets smørbukkappleik går av stabelen 3. mars kl. 13 i Sogndal.

Smørbukkappleiken er ein uformell arena der barn og unge får spele, synge og danse for kvarandre, og møte andre unge i fylket med interesse for folkemusikk og folkedans. Det er inga nedre eller øvre aldersgrense for deltaking, og det er plass til alle, uansett nivå.
 
Alle som delten får karamellar i premie. I tillegg er det ein eigen jury som kårar Årets Smørbukk - ei utmekring til den eller dei som peikar seg ut i høve formidling, kreativitet og musikalsk innleving. Kappleiken er sponsa av Norsk Barneblad.
 
Smørbukkappleiken startar med registrering og kappleik kl. 13, etterfulgt av leik og moro før premieutdeling. Det kostar ikkje noko å delta, og den som ynskjer å vera med kan ta kontakt med Ingrid Heieren, post (@) folkemusikklaget.no
 
| Mer++