Smørbukk-kappleiken er ein uformell arena der barn og unge får synge, spele og danse for kvarandre, og møte andre unge i fylket med same interessen. Det er inga nedre eller øvre aldersgrense for deltaking, og på Smørbukk-kappleiken er det plass til alle, uansett nivå!

Alle som deltek får Smørbukk-karamellar i premie. I tillegg vil det vere ein eigen jury som kårar Årets Smørbukk - ei utmerking til den/dei som utmerkjer seg på ein positiv måte i høve til formidling, kreativitet og musikalsk innleving. Elles oppmodar vi alle om å tenkje kreativt og ta med godt humør! For det er slett ikkje utenkjeleg at det vankar nokre ekstrapremiar til nokon som fortener det.

Smørbukk-kappleiken startar med registrering, felles leik og moro kl. 1300

Trykk her for å laste ned påmeldinsskjema som du sender til post (@) folkemusikklaget.no innan 6.mars 2015

Smørbukk-kappleiken er også dette året samlokalisert med Fylkeskappleiken.

Det kostar ikkje noko å delta på Smørbukk-kappleiken 2015.

Det vil vere høve til å kjøpe kaffi, kaker, pølse m/brød og anna på kappleiksarenaen.

 

Smørbukk-kappleiken er sponsa av Norsk Barneblad