Møre og Romsdal har ein rik danse- og speltradisjon. Alt frå reinlender til pariser, skorsk og springar. Spelemennene bak slåttane er mange, over heile fylket har vi hatt spelmenn med sitt unike slåtterepertoar. Gjennom ein kursserie på seks kurs ynskjer Folkemusikkarkivet å lyfte fram seks av desse spelemennene og slåtterepertoaret deira. Dette for å bidra til at ungdom og vaksne får kjennskap til sine lokale tradisjonar frå Møre og Romsdal.
Under finn du informasjon om det fjerde kurset i kursserien:

4. FOLKtema: Ola Kjelstad (1854-1944) og Ivar Kjelstad (1868-1914)
Ola kjelstad og Ivar Kjelstad var frå Synnylven. Ola Kjelstad var ein felespelar av høgste rang. Han komponerte ei mengde slåttar som f.eks. "Fossegrimen" og "Ei brylaupsaften på Seljeset". Ivar Kjelstad hadde ein avansert speleteknikk og reiste rundt i landet og heldt konsertar.
Under kurset vil instruktør Britt Pernille Frøholm trekke fram slåttar frå repertoaret til desse to spelemennene.

Instruktør: Britt Pernille Frøholm er ein allsidig felespelar frå Hornindal i Nordfjord. Ho fekk tidleg kjennskap til den lokale slåttemusikken i bygda gjennom m.a. bestefaren Matias Frøholm, og fekk seinare gå i lære hos andre lokale spelemenn. Frøholm er utdanna frå Ole Bull Akademiet og har ein Mastergrad i Tradisjonskunst frå Høgskulen i Telemark der ho arbeidde med samtidsmusikk og improvisasjon på hardingfele, og har på dette grunnlaget jobba mykje med musikarar innan fleire ulike sjangrar. Ho har vore svært aktiv og ettertrakta som frilans musikar siste ti åra, og i tillegg til turnering i Noreg har ho også turnert i Japan, USA, Canada og store delar av Europa både med grupper og som solist. Frøholm har gitt ut ei rekkje plater og er for tida aktiv i gruppene MAAR, North Pole Experience, Boreas og Friensemblet, i tillegg til mange ulike solistoppdrag. Ho vart nyleg tildelt Oppland Fylkeskommune sitt kunstnarstipend for etablerte kunstnarar.

Tid: 17. januar, kl. 14-18.
Stad: Volda bygdetun, Volda.
Pris: 250kr
For Kven: Kursa er for ungdom frå 13år som er dyktige på sitt instrument og vaksne.
Ansvarleg: Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal
Påmelding: Send namn og instrument til folkemusikk@hivolda.no innan 10. januar.

Kl. 20.00 vert det konsert med Britt Pernille Frøholm.

Kursserien er støtta av Rådet for folkemusikk og folkedans.