Feiringa vart eit tilbakeblikk på tida før spelemannslaget si tid, vidare til dei fire karane som starta laget, og igjen vidare til nybyrjarkurs, torsdagsøvingar, dansekurs, songkveldar og kappleiksdeltaking. Dei fleste av aktørane på scenen var noverande eller tidlegare medlemer i Gaular spelemannslag. I tillegg hadde dei med seg Elin Grytting og Vidar Underseth som begge har spela ei svært viktig rolle i laget i ei årrekkje.
Mot slutten av programmet vart Per Lien utnemnd til heidersmedlem i spelemannslaget.
Etter programmet vart det servert betasupe og kake som seg hør og bør før dansegolvet vart rydda. Golvet var fullt heile kvelden med dansarar frå tre år og oppover.
Gaular SL takkar nabospelemannslaga sine: Indre Sunnfjord spelemannslag, Dalsfjorden spelemannslag, Folkemusikklaget Havbrusen, og toradargruppa i Naustedalen spelemannslag for at dei kom, og for flott dansemusikk. Dei takka også til alle andre som også bidrog til at kvelden vart så fin: aktørar på scenen, alle dugnadshender før-, under- og etter festen, og sist, men ikkje minst publikum.








