Trass den korte levetida som trio, har dei allerede synt seg fram på konsert- og kappleikscenane med t.d finalespel i gruppespel på Landsfestivalen i Vågå i 2012 og andreplass i Åpen klasse på landskappleiken i Seljord i 2011. Dei gav i 2015 ut plata "Slåttespel på toradar", som høsta gode kritikkar og vann FOLKELARMPRISEN for tradisjonelt samspel. Dei vil på konserten spele repertoar frå plata - hovudsakleg slåttespel frå Hedmark og Røros.

 
"...eit uttrykk som både innbyr til det medrivende og nærmest meditative, det humørfylte og det tankefylte"

Leif Ingvar Ranøien fra Røros, reiser verda rundt med folkemusikkgruppa Sver. Han har ein mastergrad i folkemusikk frå høgskulen i Telemark, og flere medaljeplasseringar frå Landskappleiken. Ranøien arbeider som leder for Hedmark musikkarkiv, og er timelærar ved Ole Bull Akademiet på Voss.

Ole Nilssen frå Løten har trass sin unge alder utmerka seg som ein av Noregs fremste folkemusikarar og -dansarar. Han kjem frå ei folkemusikkslekt på Hedmarken der far og bestefar har vore læremeistrar gjennom oppveksten. Ole er mykje nytta som dansespelemann og instruktør både i dans og spel. Han har utdanning frå Folkemusikklina på Vinstra og går no på Noregs Musikkhøgskule med trekkspel som hovudinstrument.
 
Tom Willy Rustad, frå Sander i Sør-Odal er førsteamanuensis i folkemusikk. Han har to spellemannspriser med folkemusikkgruppa Kvarts. Rustad har vunnet flere nasjonale og internasjonale konkurranser, og har vært leder for folkemusikkstudiet ved Norges Musikkhøgskole. Han arbeider nå som leder ved Folkemusikklinja på Vinstra.
 
 
Konsert på Eikum Hotell, Hafslo
Fredag 08. april kl. 20.00
Inngong konsert og dans kr 200,-
 
Konsert på Jølstramuseet, Jølster
Laurdag 9. april kl. 18.30
Billett: vaksne kr. 200,-, barn/student/honnør kr. 100,-
Servering open frå kl. 17:30
 
Konsert på Jakob Sande-tunet, Dale
Sundag 10. april kl. 17.30
Sala av kaffi og mat
Billett kr 200,- på ticketCo https://shar.es/1YArQR og i døra
Dørene opnar 17.00