Resultat frå Fylkeskappleiken 2013 på Skei

Fylkeskappleiken 2013 er no slutt, og vi takkar arrangørar og deltakarar for ei fin helg på Skei Hotel. Her ser de bileter av vinnarane i kvar klasse som deltok på laurdagen. Trykk på bileta for å få dei større.

Komplett resultatliste er lagt ut nedanfor:

Komplett resultatliste for Fylkeskappleiken Sogn og Fjordane 2013.pdf

Her kan de sjå video frå dans.

Biletserie bygdedans senior

Biletserie lagspel fele/hardingfele bygdedans/runddans

Biletserie lagdans senior

Biletserie vokal folkemusikk

 

Tekst og foto: Susanne Håheim og Astrid Marie Årdal

3 publikum
Full sal!

Fredag 5. april Skei Hotel

Med full sal var det endeleg duka for opninga av fylkeskappleiken 2013 på Skei Hotell. Det var mange flinke spelmenn og forrykandes god stemning på dansegolvet./

 

1 emil horstad, gammaldanss-runddans junior
Emil Horstad vann klassen med 82 poeng

Solo gammaldans runddans junior

Det var to deltakarar i solo gammaldans runddans junior - Emil Horstad frå Naustedalen Spelemannslag, og Kine Svori frå Jostedal spel- og dansarlag. Emil Horstad vann klassen med 82 poeng. Kine Svori fekk 67 poeng.

2 jan a haugen, gammaldans-runddans senior
Vinnar Jan A. Haugen, 85 poeng

Solo gammaldans runddans senior

I klassen solo gammaldans runddans senior, var det også to deltakarar. Her var det Jan A. Haugen frå Havbrusen folkemusikklag som stakk av med sigeren med 85 poeng. Bak kom Mette Carlsen frå spelemannslaget Fjelljom med 72 poeng.

Jørans, 93 poeng
Jørans, 93 poeng

Gruppespel junior

I gruppespel junior var det berre gruppa Jørans frå Naustedalen Spelemannslag som deltok og vann denne klassa med 93 poeng.

Anne Lovise Drevdal og Tormod Øvrebø
Anne Lovise Drevdal og Tormod Øvrebø

Runddans senior

I alt ti par stilte opp i runddans senior under fylkeskappleiken. Med flinke dansarar og spelmenn var det god stemning i salen. Klassa vart vunnen av Anne Lovise Dredval og Tormod Øvrebø frå Jostedal spel- og dansarlag. Bak dei kom Sigrid Gjelsvik og Gunnar Bolset frå Naustedalen spelemannslag, etterfulgt av Irene Hestevik og Leon Årdal frå Indre Sunnfjord spelemannslag.

Laurdag 6. april Skei Hotel

Mathilde Skjeret, Jostedal spel- og dansarlag
Mathilde Skjeret, Jostedal spel- og dansarlag - vinn klassa med 96 poeng

Spel fele/hardingfele klasse C

I klasse C fele/hardingfele var det i alt tre deltakarar, og her var det Mathilde Skjeret frå Jostedal spel- og dansarlag som for av med sigeren med heile 96 poeng. Bak kom Kine Svori frå Jostedal spel- og dansarlag med 71 poeng, og på tredje plass med 68 poeng frå Skjerpehaugen, kom Ivar Vassli Brekke.

Dagfrid Vallestad Brevik - Gaular spelemannslag
Dagfrid Vallestad Brevik - Gaular spelemannslag

Spel fele/hardingfele klasse B

I klasse B fele/hardingfele var det heile fire deltakarar. Egil Furenes frå Havbrusen folkemusikklag, Lars Ask frå Sogn og Fjordane folkemusikklag, Antonia Karete Kongsvik frå spelemannslaget Fjelljom og Dagfrid Vallestad Brevik frå Gaular spelemannslag.

Vinnar av denne klassen, vart Dagfrid Vallestad Brevik frå Gaular spelemannslag med 113 poeng. Bak kom Egil Furenes med 103 poeng. På tredje plass kom Lars Ask med 83 poeng, og på fjerde plass kom Antonia Karete Kongsvik med 70 poeng.

Myklemyrjentene - Mathilde Skjeret (t.v) og Kine Svori (t.h)
Myklemyrjentene - Mathilde Skjeret (t.v) og Kine Svori (t.h)

Gruppespel junior

I gruppespel junior, var det to grupper som deltok - Myklemyrjentene og Tufsene. Her var det Myklemyrjentene som scora høgast, med 91 poeng. Tufsene fekk 61 poeng.

Kine Svori, vokal folkemusikk klasse C - Jostedal spel- og dansarlag
Kine Svori, Jostedal spel- og dansarlag, vinnar av klassa

Vokal folkemusikk klasse C

Hilda Sofie Taklo frå Sogn og Fjordane musikklag og Kine Svori frå Jostedal spel- og dansarlag var deltakarane i denne klassa. Vinnaren blei Kine Svori med 93 poeng. 3 poeng bak, kom Hilda Sofie Taklo.

Kari Malmanger kl A - Jostedal spel- og dansarlag
Kari Malmanger kl A - Jostedal spel- og dansarlag

Vokal folkemusikk klasse A og D

I klasse A, hadde vi Kari Malmanger frå Jostedal spel- og dansarlag som deltok, og Oddvar Vassliås i klasse A frå Havbrusen folkemusikklag. Kari Malmanger vann sin klasse med 122 poeng, og ho fekk også vandrarpremien. Oddvar Vassliås vann sin klasse med 90 poeng.

Synnøve Bjørset - Indre Sunnfjord spelemannslag
Synnøve Bjørset - Indre Sunnfjord spelemannslag

Spel fele/hardingfele klasse A

I spel fele/hardingfele klasse A, finner vi Arne Sølvberg frå Spelmannslaget Fjelljom, Sigmund Eikås frå Indre Sunnfjord spelemannslag, Synnøve Bjørset frå Indre Sunnfjord spelemannslag og Vidar Underseth. Arne Sølvberg stilte både med fele og hardingfele.

På fjerde og femte plass kom Arne Sølvberg med 102(fele) og 106 poeng(hardingfele). Vidar Underseth spelte hardingfele og kom på tredje plass med 108 poeng. Sigmund Eikås(hardingfele) kom på andre plass med 116 poeng, og på toppen finn vi Synnøve Bjørset som vinn denne klassen tredje gong på rad, og får dermed vandrarpremien til odel og eige. Ho vann med heile 123 poeng. Vi gratulerer.

Geir Helge Sunde - eldre folkemusikkinstrument - Fjellklang spelemannslag
Geir Helge Sunde - Fjellklang spelemannslag

Eldre folkemusikkinstrument

Geir Helge Sunde frå Fjellklang spelemannslag var einaste deltakar i klassen og vann dermed med 91 poeng.

Vidar Underset og Leikny Aasen klasse A - Sogn og Fjordane folkemusikklag
Vidar Underseth og Leikny Aasen klasse A - Sogn og Fjordane folkemusikklag

Bygdedans senior

Det var heile ni par som var påmelde til bygdedans senior på laurdagen, og dei var delte opp i A-D klassar. I D-klassen var det Magnus Hope med følgje Iselin Eikås som vann med 78 poeng. På første plass i C-klassen finn vi Målfrid Roset og Hallvard Sindre Syversbråten med 72 poeng, etterfulgt av Edit Hilde og Elling Sindre Syversbråten med 70 poeng. Begge para er frå Fjelljom spelemannslag.

I klasse B var det svært tett mellom poengsummane. Det var kun to poeng som skilte første og tredjeplassen. På første plass i klassen finn vi Hilde Bjørkum og Kristen Friis frå Indre Sunnfjord spelemannslag/Naustedalen spml. med 86 poeng. Like bak på andre plass finn vi Irene Hestvik og Leon Årdal frå Indre Sunnfjord spelmannslag med 85 poeng. Med 84 poeng, finn vi Ingunn og Hallgrim Skjerdal frå Sogn spel- og dansarlag.

I klasse A finn vi Eva og Trygve Hauge frå Indre Sunnfjord/Naustedalen spelemannslag på andre plass med 80 poeng. På første plass og med høgast poengsum av alle para som var påmelde, finn vi Leikny Aasen og Vidar Underseth frå Sogn og Fjordane folkemusikklag med 89 poeng. Leikny og Vidar vinn også vandrarpremien i dans. Vi gratulerer.

Indre Sunnfjord spelemannslag
Indre Sunnfjord spelemannslag

Lagdans senior

I lagdans senior var det fire deltakande lag, og dei blei rangert i følgande rekkjefølge: 1. plass: Indre Sunnfjord spelemannslag med 79 poeng. 2. plass: Sogn spel- og dansarlag med 78 poeng. 3. plass: Nordbygda spel- og dansarlag med 69 poeng. 4. plass: Spelemannslaget Fjelljom med 68 poeng.

Fjellklang spelemannslag - runddans
Fjellklang spelemannslag - runddans

Lagspel fele/hardingfele runddans

I klassa lagspel fele/hardingfele runddans var det sju lag som deltok. Fjellklang spelemannslag gjekk av med sigeren med heile 116 poeng, etterfulgt av Indre Sunnfjord spelemannslag med 108 poeng. På tredje plass finn vi spelemannslaget Fjelljom med 93 poeng.

Indre Sunnfjord spelemannslag - Runddans
Indre Sunnfjord spelemannslag - Runddans

Lagspel fele/hardingfele bygdedans

I klassa bygdedans gjekk Indre Sunnfjord spelemannslag av med sigeren med 103 poeng. Rett bak kom Gaular spelemannslag med 102 poeng, og på tredje plass finn vi spelemannslaget Fjelljom med 99 poeng.

| Mer++