Melodiane  1 - 10 er runddansmusikk  spelt inn i 1991 av hardingfelespelarar  frå Sogn og Fjordane som har hatt Lars Skjervheim som læremeister.  Desse er  Arne M. Sølvberg, Sigmund Eikås, Håkon Høgemo og Jostein Fjærestad.  Med seg har dei Ivar Rønnekleiv på  gitar og Olav Tveitane på kontrabass. Alle andrestemmene er komponert og spelt av Arne M. Sølvberg.

Melodiane 11 - 22 er bygdedans- og lyarslåttar spelt inn av Lars Skjervheim  eit par veker før han fylte 75 år, hausten 1990.
Einar Eimhjellen

 

Lars Skjervheim (1915 – 2003)
Lars vart fødd 20.november 1915 i Myrkdalen på Voss. Det er difor ei glede å kunne
markere hundreårsminnet med CD-utgjeving av desse lydopptaka som vart gjort  av Einar
Eimhjellen i Naustdal for snart 25 år sidan. Lars vart i 1968 beden til fylket vårt for å halde
spelkurs, og etter kvart vart det svært mange slike kurs både i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord.
Ei tid budde og arbeidde han i Årdal i Sogn, der han  møtte Ragnhild som vart kona hans.

Lars var ein av dei aller beste spelemennene i landet i si samtid. Han vann
mang ein kappleik, og gjekk heilt til topps på Landskappleiken på Gol 1972. Heiders-
medlemsskap i Landslaget for spelemenn og H M Kongens fortenestemedalje i gull fortel
sitt om den utøvande og skapande tonekunstnaren.  Han spelte like godt dei eldste slåttetypane
som dei litt nyare runddansslåttane han hadde hatt rikeleg bruk for i mangt eit bryllaup.  Åleine
med fela kosa han seg med å lage nye slåttar av alle desse typane der han heldt fast på grunn-
tonen og den gode rytmen han hadde fått med seg frå tradisjonen. Etter 1950 dukka det opp ein
og annan ny slått, men det kunne gå lang tid mellom kvar. Fyrst då han vart pensjonist og fekk
bygt hus til seg og Ragnhild på Skjerveheim fekk han tid til å leike seg med dei nye slåttane
som stundom berre kom av seg sjølv. Lydbandet var hjelpemiddel for ikkje å gløyme dei ut att,
og Oddmund Dale i Bergen skreiv dei deretter ned på notar.
Arne M. Sølvberg