Mo2011_Nanda

Sogn og Fjordane Folkemusikklag søkjer:

PROSJEKTLEIAR FOR MOKURSET 2013

Vil du vere med på å vidareføre og vidareutvikle landets eldste sommarkurs i folkemusikk- og dans?

Sogn og Fjordane Folkemusikklag søkjer prosjektleiar for Mokurset 2013

- engasjement med moglegheit for forlenging.

Vi søkjer ein person som er kreativ, strukturert og har god gjennomføringsevne til å vere prosjektleiar for Mokurset 2013. Engasjementet er stipulert til eit månadsverk og vil bli godtgjort med kr. 30 000,- brutto.

Arbeidet som prosjektleiar omfattar i hovudsak planlegging og gjennomføring av Mokurset, her under:

- plan- og budsjettarbeid

- søknadsskriving og rapportering

- marknadsføring og sponsorarbeid

(lista er ikkje uttømmande)

Planlegging og gjennomføring vil skje i tett samarbeid med dagleg leiar i Folkemusikklaget. Som prosjektleiar rapporterer du til styret.

Relevant erfaring frå prosjektleiing og arbeid med born og unge blir sett pris på. Likeeins er det viktig at du har generelt gode it-kunnskapar.

Kortfatta søknad med CV og referansar sendast per e-post til post (@) folkemusikklaget.no innan 15. oktober.

For spørsmål om engasjementet, kontakt styreleiar Synnøve S. Bjørset på tlf. 908 52 334

| Mer++