”Eilov” er tittelen på Gro Marie Svidal si andre soloplate. Det er også tittel på konsertserien ho gjennomfører i samband med lanseringa av plata. Her møter ho deg aleine med eit knippe slåttar ho har arva. Nokre slåttar er svært gamle. Dei har vorte utvikla og finslipte i generasjonar. Andre er kome til i nyare tid med slektskap i dei gamle. Det strålar kraft, gnist og varme når Svidal fortolkar låtane til leik og dans, til ettertanke eller ro. Dette er Svidal sitt avtrykk i tida.
 
Gro Marie Svidal vert karakterisert som ein virtuos utøvar. Tonen hennar er distinkt og spelet fløymer av musikalsk overskot. Ho møter publikum med varme og entusiasme og krydrar konsertane sine med personlege historier og anekdotar. Ho starta tidleg å gå i lære hos hardingfelemeistrar som Sigmund Eikås frå Jølster, Håkon Høgemo frå Årdal i Sogn og Leif Rygg frå Voss. Meistrane har synt ho vegen inn i det mangfaldige hardingfelerepertoaret hovudsakleg frå Sogn og Fjordane og Hordaland.  Seinare har Svidal tatt musikkutdanning ved Ole Bull akademiet og Norges musikkhøgskole og har motteke ei rekke utmerkingar og prisar for musikken sin. Mellom anna vart ho noregsmeister på hardingfele i 2014 og er regjerande vestlandsmeister. Svidal er også ein allsidig og aktiv utøvar som samarbeider med norske og internasjonale utøvarar i mange sjangrar.
 

 

Platesleppkonsert
GRO MARIE SVIDAL

Torsdag 21. januar kl. 20.00 - Jølstramuseet
KJØP BILLETT - Billettar på TicketCo.no og ved inngangen: Vaksne kr 220 | BOB-medlemer  kr 200 | Student og frivillige kr 170 | Born kr 50
Kafeen på museet er open frå kl. 18.00
 
Sundag 24. januar kl. 17.30 i Løa i Jakob Sande-tunet
Billettar kr 200
Dørene opnar kl.17:00
Arrangør: Jakob Sande-selskapet
 
Foto: Andreas E. Nygjerd