I samband med opninga av Pederhuset på Breim 13.–16. juni vert folkemusikkmiljøet i Sogn og Fjordane særleg invitert til fest. Det vert mykje flott program alle dagane, og laurdag 15. juni vert det flakedans. Det vert eit telt ved sidan av sjølve Pederhuset med dans. Det er mogleg å campe og telte i nærleiken av huset. Programmet i sin heilskap kjem i påska. Sjå her for oppdatert info: www.facebook.com/pederhuset

Det vert sett opp ei dansespelliste for dei som vil kome og spele. Meld frå til Randi Støyva: randistoyva@gmail.com eller på tlf 908 06 651 for å melde på deg eller laget ditt.

Allespel kl. 20:00 og dansespel etter det og fram til kl. 01:00.
I tillegg til dansespel, buskspel og anna vert det lagt opp til allspel. Det vert sendt ut 4-5 slåttar til alle, og alle spelar desse saman som start på laurdag-dansen. (Alle, uansett instrument).

Pederhusveka skal bli eit årleg arrangement kring Pederhuset. Mange hugsar kanskje Peder Råd, spelemannen som budde i Pederhuset. Han var ein av dei finaste dansespelemennene i distriktet og hadde særleg teken på hamborgar. Sigrid Moldestad tok initiativ til å redde huset og gjere det om til eit påminningshus for ulike kulturelle uttrykk og historier. Det er ho og foreninga "Pederhusets Vener" som saman jobbar for både opningsfesten og Pederhuset.

Dei ønskjer alle hjarteleg velkomne, og minner om å ta med instrument og dansesko!