Logo2012

Mokurset, 8.-13. juli 2012

PÅMELDING

Påmeldinga er no opna, og du finn påmeldingsskjema nederst på sida.
Påmeldingsfrist er 20. mai.

Vi gjer merksam på at alle påmeldingar skal skje via skjemaet.

VIKTIG - LES DETTE FØR DU MELDER DEG PÅ:

Minstealder for å melde seg på kurs er 9 år. Det er inga øvre aldersgrense :-)

For å melde deg på kurs i hardingfele, fele, trekkspel eller toradar, må du ha spelt i minst 2 år. 

Meisterklassen på fele/hardingfele er for vidarekomne utøvarar.

Kurs i folkeleg dans er eit fordjupingskurs for deg som har dansa før.

 

Påmeldinga er bindande, og du vil motta faktura for kursavgift i posten. Kursavgifta skal vere betalt før kurset startar. Vi gjer også merksam på at manglande betaling ikkje er gyldig som avmelding.

Prisar:

Song- og spelkurs: kr. 3 000 (søskenmoderasjon kr. 400)

Meisterklasse: kr. 3 000

Folkeleg dans, fordjuping: kr. 3 500

5% rabatt på alle kurs for medlemmer i Sogn og Fjordane Folkemusikklag

Alle prisar inkluderer overnatting og mat på kursstaden, Mo og Jølster vgs.

 

Velkomen på Mokurset 2012!


 

 

 

| Mer++