Fyll ut dette skjemaet for å melde deg/dine på innan 13. mars: 

https://forms.gle/5Mtk958qhNhj51TV7

 

Det vert TØFT-samling helga 21.-23. april på Skei skule. Samlinga er for born og unge mellom 10 og 18 år som spelar fele, hardingfele, trekkspel og cello. Dei eldste får vere med frå fredagen, medan dei yngste får vere med frå laurdagen. På samlinga kjem Maria Skjeldrum Toppe og Johanne Løkensgard Mjøs og lærer vekk nokre av slåttane frå deira nye læreverk for hardingfele «Våre slåttar». Slåttane som lærast vekk skal spelast på Jubileumskonserten for FolkOrg i Grieghallen 14. oktober av «Verdens største spelemannslag», eit prosjekt der born og unge frå heile Vestlandet samlast i eit stort juniorlag. Alle som deltek på TØFT-samlinga får anledning til å vere med på dette!