Stryn er ein stor reiselivskommune med bra overnattingstilbod. I sentrum ligg Stryn hotell som har rabatt for dei som overnattar i samband med kappleiken. Elles finn du oversyn for overnatting på https://www.nordfjord.no

Fylkeskappleiken har fått særavtale med Stryn Hotell om rabattprisar for overnatting 29.­–31. mars. For å få tinge rom til dei prisane må ein ringe direkte til hotellet på telefon 57 87 07 00 (ev. mobil 930 09 392), i staden for å booke på nettet.

Hotellet er for tida stengt og driv med oppussing, men romtinging på tlf. går heilt greitt. Hotellet opnar att til kappleiken.

Tilbodsprisane er:

  • Enkeltrom m/frukost                    kr 1095,- pr døgn
  • Dobbeltrom m/frukost                  kr 1295,- pr døgn
  • Dobbeltrom med ekstra seng      kr 1695,- pr døgn

Hotellet har og nokre «utsiktsrom» med ekstra fin utsikt mot elva og tek kr 200,- i tillegg for desse.