Karl Seglem
Karl Seglem feirar i år 30 år som artist ved å gi ut heile tre album. Aftenposten sin platemelder trilla terningkast seks og kallar Seglem for ein musikalsk nasjonalskatt. Seglem har i tillegg turnert i inn og utland, og vart i starten av året nominert til ein spelemann for plata han gav ut i fjor.
 
Linda Gytri
Gytri hausta glitrande kritikkar for albumet Audire som ho gav ut i vår, saman med sine medmusikarane Timo Alakotila og Anders Bitustøyl. Bergens Tidende gav plata fem av seks moglege hjerter, Bladet Folkemusikk omtalte plata som "sjangerfritt Strynespel" og platemeldar Sindre Bremnes skreiv at "Gytri formidler noe som bare hjertet forstår".
 
MAAR
Folkemusikarane i Maar gav i haust ut sitt andre album. Med sjølvlaga musikk har folkemusikktrioen laga eit nytt sterkt album med tittelen Epleslang. Britt Pernille Frøholm frå Hornindal er ein del av trioen med si hardingfele. Maar har spelt på ei rekkje store og mindre scener i løpet av året.
 
Det er publikum og ein fagjury som har nominert og plukka ut 20 artistar frå Sogn og Fjordane til Luttprisen – årets artist i Sogn og Fjordane 2015, skriv NRK. Det er opp til publikum og stemme fram sine favorittar fram til fredag 13. november, og så vil NRK vil presentere 5 finalistar.
 
Luttprisen er sjangerfri, og det er god breidde i dei musikalske uttrykka frå Sogn og Fjordane. Dei andre nominerte er Ketil Torbjørnsen, Line Dybedal, Good Time Charlie, Steinar Karlsen, Tina Refsnes, Aleks Grey, Månevenn, Xzwer, Drusar, Spitfire, Eirik Sognes, Trollebø, Fri Fyt, Vreid, Let`s be light, Mariann Rosa og Lillian Samdal.
 
Prisen er eit kunstdiplom av Oddvar Torsheim og stipend på 25.000 kr frå Sparebanken Vest, og publikum kan gje si stemme her:
 
 
Foto: Oddleiv Apneseth