Vestlandskappleiken 2017

Minnepris til ung hardingfelespelar frå Granvin

AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES SIN MINNEPRIS  2017 er tildelt 17 år gamle JONAS LAUPSA frå Folkedal i Granvin. Prisen, som er på 15 000 kroner, blir delt ut på Vestlandskappleiken i Askvoll laurdag 14. oktober.

thumbnail_Jonas Laupsa
Foto: Erling Moxnes
Jonas begynte å spele hardingfele då han var 7 år, -ved Granvin musikkskule, med Knut Hamre og Johanna Mjeldheim som lærarar. Han ynskjer å satse på folkemusikk, og går no på musikklinja ved Voss Gymnas, andre året. Der har han Leif og Steinar Rygg som lærarar, i tillegg får han undervisning av andre dyktige lærarar i musikkteori, musikkhistorie osv.
 
Dei siste 5 åra har Jonas delteke på Vestlandskappleik, Hordamønstring, landskappleik og ulike kurs rundt i landet. Utøvaren har fleire gonger vunne klasse C hardingfele på kappleikar. Han har og delteke aktivt i Hardanger junior- og seniorlag og spelt med dei på kappleikar. Jonas spelar og på konsertar på Voss og i Hardanger, -blandt anna saman med kvedaren Mari Holven. 
 
Årets prisvinnar er ein talentfull, flittig og engasjert hardingfeleutøvar som me gler oss til å høyre i tida som kjem!
 
Formålet med minneprisen er å oppmuntre unge lovande utøvarar på hardingfele frå Vestlandet. Prisen er etablert til minne om Audhild Flaktveit Moxnes som var aktiv utøvar på hardingfele og dansa folkedans. Audhild omkom i ei trafikkulukke i Bergen 19. mars 2004, berre 17 år gamal.
 
Prisen er støtta av Sparebanken Vest og har vore delt ut sidan 2007.
Inga Hilde Breivik har laga diplomet som høyrer til minneprisen.
 
I styret for minneprisen sit:
Arne Anderdal, Solgunn Margaret Flaktveit, Sigrid Moldestad og Eva Marie Toppe.
 
Foto: Audun Stokke Hole
| Mer++