Kjersti Kindingstad Vågen har spelt fele sidan ho var 8 år gamal. I dag er ho aktiv i fleire grupper og som solo hardingfelespelar. Ho har hatt flerie lærarar i tradisjonen ho kjem frå og har tileigna seg stoffet med dedikasjon og interesse.

Ho har vore teken ut til å vere med i MasterClass Hardanger, der Knut Hamre er lærar og er også aktiv på kappleikar og med andre oppdrag og grupper.
Kjersti Kindingstad Vågen får prisen fordi styret ser ho som eit stort talent og ein komande vidareførar av hardingfelespel.

Formålet med minneprisen er å oppmuntre unge lovande utøvarar på hardingfele frå Vestlandet. Prisen er etablert til minne om Audhild Flaktveit Moxnes som var aktiv utøvar på hardingfele og dansa folkedans. Audhild omkom i ei trafikkulukke i Bergen 19 mars 2004, berre 17 år gamal.

Prisen er støtta av Sparebanken Vest og har vore delt ut sidan 2007.

I styret for minneprisen sit:
Solgunn Margarete Flaktveit, Sigrid Moldestad, Arne Anderdal og Eva Marie Toppe.