Turneliste:

30.okt 18.00 Bergen domkirke
2.nov 19.00 Førde kyrkje
3.nov 18.00 Stongfjorden kapell
4. nov 19.30 Dale kyrkje
5.nov 20.00 Sandane kyrkje
6.nov 19.00 Hornindal kyrkje
7.nov 13.30 Aktivitetssenteret Bakk-Olamarka (Ørsta)
8.nov 19.00 Valderøy kyrkje

UNNI LØVLID (folkesong, elektronikk)

HÅKON THELIN (kontrabass)


Unni Løvlid er ein av våre mest profilerte utøvarar innen folkemusikken, men ho har heilt sidan ho var student også arbeid med samtidsmusikk. Saman med Håkon Thelin ga ho i 2013 ut CDen LUX som fekk strålande kritikkar. LUX, er både modig, utfordrande og nådelaust vakker på same tid. Saman bringer dei religiøse folketonar inn i heilt nye klanglandskap. Unnis nære og jorda formidling av dei ofte mørke og mektige religiøse folketonane blandar seg med samtidsmusikkens klanglege utforskartrang. Tekstar om det lille mennesket, om død og om håp.
I omslagsteksten skriv Håkon: «Til tross for Unni si ofte langsomme og sanselege kommunikasjon av teksten, forblir melodiane glødande, som om orda høyrer til på jorda og melodien strekkjer seg inn i en himmel fylt med lyst. Og, for meg er det aller vakresta med sangen til Unni at eg alltid føler stemmen hennar i seg sjølv smilar og kaster varmt lys over tonen.»