Kurs og kappleik
Laget deltok og var vertskap for spelkurs med Hallgrim Skjerdal i januar. Kurset var skipa til i samarbeid med Havbrusen Folkemusikklag og Indre Sunnfjord Spelemannslag. Under «Lyden av Gaular»-konserten deltok spelemannslaget i lag med kor og korps frå kommunen. I år var det tredje året konserten vart skipa til Bygstad Samfunnshus.
 
Gaular Spelemannslag  deltok i lagspel på Vestlandskappleiken i haust, og på Landskappleiken i sommar fekk laget sin første A-klasse-spelar: Dagfrid Vallestad Brevik!
 
Arven etter fleire songkurs med Elin Grytting på 90-talet vert førd vidare gjennom årlege besøk i 1.-4. klasse i Gaular-skulane. Elevar og lærarar tok også i år godt imot spelemannslaget sitt folkesongtilbod – finansiert med midlar frå Den kulturelle skulesekken.
 
40 år og feiring på marknadsfest
Laget fylte 40 år i mars. Gaular ville ikkje lage til noko storstilt feiring av seg sjølve, men inviterte i staden fire nabo-spelemannslag på den årlege marknadsfesten andre helga i november. På Viksdalsmarknaden har Gaular Spelemannslag  vore medarrangør kvart år sidan 1990. Kombinasjonen handverk, tradisjonsmat og folkemusikk dreg mykje publikum og marknaden  gjev nyttige inntekter til vidare lagsarbeid. Laget sin kontrabass kom endeleg «ut av skapet» dette året, og no er den grundig turka støv av og teke i bruk. Det var stor stas å spele med eigen bassist på marknadsdansen!
 
Julebordspeling
Torsdag 10. desember spelar laget opp til dans på Gaular Bygde- og sjukeheim i høve julebord for bebuarane der! I år er det 10.gongen tiltaket vert gjennomført og for spelemannslaget er dette eitt av høgdepunkta i speleåret.
 
Planlegg 2016
Sett bort frå dansefesten på Viksdalsmarknaden har det vore lite aktivitet på dansefronten i laget sin regi dette året. Det har vi tenkt å gjere noko med og planlegg dansekurs på etterjulsvinteren.
 
Gaular Spelemannslag stilte på den aller første Landsfestivalen i gammaldans i Førde i 1986 og har delteke med ujamne mellomrom  etter den tid.  -Har vi mot og mannskap nok, er det ikkje utruleg at laget slår til i Gaupne til sommaren, seier leiar i laget, Kirsti Timenes Bell, og smiler lurt.
 
God førjulstid til Gaular Spelemannslag!