Årets folkemusikkarrangør 2015
Vinnaren har ved fast dansearrangement kvar veke i mange år etablert det til å bli ein institusjon i lokalmiljøet, og har gjort ein stor jobb med å presentera folkemusikken og folkedansen sine fortrinn som sosial aktivitet. Psykisk utviklingshemma blir særleg invitert til arrangementet, og får delta både i spel og dans.
 
Gjennom kontakt med internasjonale folkemusikarar arrangerer dei og jamt konsertar der folkemusikk frå andre land blir presentrert . Til aktiviteten høyer også opplæring av barn og unge, og jamnlege besøk på institusjonar der det blir spelt til dans.
 
Dei ser på folkemusikken og – dansen som allsidig, og har som mål å nå alle deltakarar og publikum.
 
Arrangører har gjennom sin aktivitet etablert seg som ein aktør som fremjar likeverd og tilbod for alle, og der folkemusikken og folkedansen kjem til sin rett som ein aktivitet med tydeleg sosial profil. Vinnaren stettar på svært god måte kriteriet for «årets folkemusikkarrangør». Henta frå grunngjevinga til juryen.
 
I år fekk Naustedalen den gjeve prisen "årets folkemusikkarrangør". Som det står i grunngjevinga er det det store aktivitetsnivået i laget som ligg til grunn for prisgjevinga. Og spelemannslaget takkar også Naustdal Ungdomslag for det gode samarbeidet ved onsdagsdansen.
 
Kvardagsspeling og langreiser
Tradisjonslaget og toradargruppa i Naustedalen Spelemannslag har faste øvingar, og øver annakvar gong tysdag og onsdag, der onsdagsøvingane føregår i Fosshalla der dei spelar til onsdagsdansen. Dei er aktive på Fylkes- og Vestlandskappleik, og reiser kvart år på Landsfestivalen i gamaldansmusikk.
 
I midten av november stilte toradargruppa opp til eit spesielt speleoppdrag. Dei vart nemleg innleigde til å spele taffelmusikk i inngongen til Førdehuset i samband med premiera på filmen "Søsken til evig tid - Amerikareisa", saman med tolv bunadskledde jenter som sto på rekke på kvar side av den raude løparen.
 
I 2016 er det Naustedalen Spelemannslag sin tur til å reise på Amerikareise. Dei er snart klare med alle flybillettane til dei skal over dammen. Vel femti personar - vi gler oss til rapporten!
 
Digitalt slåttearkiv
Nytt av året i spelemannslaget er Evernote. Det er eit internt digitalt slåttearkiv der laget kan dele musikken med alle spelemenna i Naustedalen.
 
 
Vi ynskjer Naustedalen lykke til med neste år, og ikkje minst Amerikareisa! God førjulstid!