aurland

Adventskalender 2015

Luke 4: Aurland Spelemannslag

Leier an i folketoget på nasjonaldagen!

Aurland Spelemannslag bidreg gjerne med folkemusikk og folkedans når det skjer noko ekstra i Aurland. På 17. mai er det tradisjon å leie folketoget med spelemannslaget i front, godt plasserte i ei hestevogn, pynta med bjørkelauv og norskeflagg.
 
Samspelkurs og dansefest
I haust inviterte dei inn trekkspelaren Tom Karlsrud og hardingfelespelaren Erlend Apneseth til å halde samspelkurs i spelemannslaget. Det samla ti deltakarar fordelt på fele, trekkspel, bass og gitar, og spelemannslaget fekk nytt påfyll på repertoaret. To springarar, ein halling og ein polka.
 
Som avslutning på kurset arrangerte dei leikfest for heile bygda. For å sikre dansarar til festen valde dei å arrangere dansekurskveldar. Då slo dei på stortromma og arrangerte fire kurskveldar - to for born, og to for ungdom. Ungdomskurset vart retta mot Jordbruksskulen og elevane der, noko som var rett så populært! Og polulær vart kvelden også. Born, ungdom som "gamle-kara" fylte dansegolvet til siste slutt.
 
Førjulskonsert
I desse tider øver Aurland Spelemannslag til å bidra under den årlege førjulskonserten. I år skal juniorane i spelemannslaget få vere med, for fyrste gong, på alle tre innslaga, og det er stas for både store og små! I tillegg har dei fått med seg ein "jordbruksskule-trommis" - så de kan tru det vert fart på sakene!


 
| Mer++