Vindfylla Spelemannslag har heldt det gåande sidan september 1984. Laget er kalla opp etter fjellet Vindfyllekollen, som staut rager opp mellom bygdene Ervik, Haus og Midthjell, lengst vest i Eid kommune. Laget rekrutterar medlemmer frå Bryggja, Vågsøy kommune i vest, til Nordfjordeid i aust. Hovudsakleg er medlemmane buande i bygdene i den gamle Kjølsdalen krins.
 
Stor aktivitet
Nesten kvar tysdag (av og til annakvar) held Vindfylla hus på Haus grendahus. Då er det øvingar i storlaget med Thomas Hals som musikalsk leiar. Vindfylla driv aktivt med rekruttering til spelemannslaget, og for elevane på Kjølsdalen Montessoriskule er det heilt vanleg med feleundervisning. Der held dei aspirantundervisning kvar veke for 1.-4. trinn - inspirerande arbeid!
 
I tillegg til øvingar har dei faste dansespeløkter eit par gonger i halvåret, både i Valhall på Eid og på Tysdagssvetten i Markane i Stryn. Heldige er dansarane som får så god dansemusikk!
 
vindfylla.aspi.17.mai.jpg
Aspirantar og laget spelar for 17. mai-folket i Kjølsdalen 2015
 
Vindfylla får stadig andre oppdrag, og særleg i Kjølsdalen; 17. mai, Mat-messa til Kjølsdalen Sanitetsforeining og julekonsert i Kjølsdalen kyrkje, samt dansespeling og rorbu-speling under Kystfestivalen i Kalvåg.
 
Røynde arrangørar
Spelemannslaget har vore delarrangørar på fleire arrangement. I 1990 var det Landskappleik, og i 2000 og i 2010 vart Landsfestivalen arrangert på Nordfjordeid. Til sommaren lovar dei å stille som deltakarar på Landsfestivalen 2016. I tida fram mot jul er dei på jakt etter lokale slåttar laget enno ikkje har spelt før, og planlegg urframføring av desse under lagspeltevlinga i Gaupne!
 
11.-12. mars arrangerer laget Fylkeskappleiken 2016 som einaste arrangørlag, med leiar Sigmund Larsen i spissen. Den går føre seg på Kjølsdalen Montessoriskule, og Vindfylla Spelemannslag ynskjer alle spelemenn og dansarar hjarteleg velkomen!
 
vindfylla.jpg
Hovudnemnda til Fylkeskappleiken 2016
 
 
God førjulstid - vi gler oss til kappleik i mars!