gamlebanken

Adventskalender 2015

Luke 24: Gamlebanken Spelemannslag

Humørfylte fjellgeiter

Gamlebanken Spelemannslag vart i 2015 medlem i FolkOrg og Sogn og Fjordane folkemusikklag, og frå å ha 19 medlemslag kan folkemusikklaget no breske seg med det runde tal 20! 
 
Feriespelemannslag
Gamlebanken starta som eit juniorspelemannslag ein gong i tida, men etter fleire år med øving i ferie og ein felles møtestad for medlemmene, fann dei det for godt til å vere sant - dette spelemannslaget måtte ein halde liv i! Frå å vere eit ferie- og høgtidsspelemannslag har dei no faste øvingar ein gong i månaden, og er i større grad samla i Trivselsfylket - i alle fall meir enn nokon gong. Musikalsk leiar er Synnøve Bjørset, som med myndig boge losar medlemmane veg i Bjørsets Hardangerviolin-skole.
 
I løpet av åra har spelemannslaget delteke på Fylkeskappleik, Landskappleik, Landsfestival og Vestlandskappleik - med gode resultat.
 
Fjellgeiter
Dei likar seg godt til fjells, og etter fjellturnéen i 2014, som var ein stor suksess, høyrte dei fjellet kalle også i år. I sommar gjekk dei høgt for å heidre idolet Johanna Eldegard - hardingfelespelemann frå Eldegarden i Sogn - ein veglaus fjellgard i Årdal.
 
Travelt nesteår
I 2016 skal Gamlebanken arrangere Landsfestivalen i Gaupne, saman med Jostedal spel- og dansarlag. Hovudnemnda er allereie i gong med arbeidet, og gler seg til å halde fram med å lage til ein storstilt festival for alle gammaldansentusiastar frå heile landet nær Nord-Europas lengste sving! Og dei lovar å spreie godt humør og speleglede der dei er i heile neste år også!
 
Gamlebanken ynskjer alle ei hjarteleg god jul, og minner om at det er bra å trimme flesket innimellom julemåltida. Vi oppmodar alle om å ta seg ein julefridanssvingom på stovegolvet som opplading til sommaren:
 
 
Og folkemusikklaget ynskjer Gamlebanken også ei god jul og lovar å ta minst ein julefridans på stovegolvet! God jul til resten av spelemanslaga, danselaga, og alle folkemusikkinteresserte i heile Sogn og Fjordane! Vi sjåast, dansast og spelast til neste år!
| Mer++