Austrheim musikklag er eit svært så aktivt dansespelande spelemannslag. Med fele og trekkspel, vals og tango, reinlender og swing er dei eit ettertrakta og populært bidrag når det vert arrangert dansekveldar i og utanfor fylket.
 
Travelt år
2015 starta for Austrheim med å reise til Ørsta på festen "Nyttårssoaré" - ein ekte nyttårsfest med mat på bordet, musikk frå scena og dans på golvet. Ikkje mindre enn to dagar etter var musikklaget i sving på dansen til Leikarringen i Gloppen, i Vonheim. Ein fast post på programmet gjennom heile året, til liks med den faste øvinga. Gloppen sjukeheim får også besøk av Austrheim, og gjerne saman med Leikarringen til søndagskafe. Då spelar laget, leikarringen dansar og det vert servert kaffi og blautkake i pausen.
 
Andre dansespeloppdrag for musikklaget har vore fredagsdansen i Førde, under Jeremiasfestivalen på Sandane, på påskedansen i Gimle, for pensjonistforbundet som hadde samling på Gloppen Hotel, til dans i Valhall og på Stordans på Scandic Sunnfjord Hotel, Førde. På jonsokafta var det jonsokbryllaup på Bjørnøya, og også der var det utsending frå Austrheim!
 
Raske, lette strøk
I februar hadde Austrheim musikklag besøk av dåverande fylkesmusikar Synnøve Bjørset. I ei pressemelding står det:
-Vi har lært oss noko nytt! Gjesteinstruktør Synnøve S. Bjørset lærte oss vals med raske, lette strøk, hamborgar som gyngar og pols med ekstra vekt på oppstrøket. Vi takkar for besøkjet!
 
Til fjells med Austrheim
I oktober reiste Austrheim musikklag på tur til Geilo. Dei ba med seg danseglade på turen over fjellet der dei skulle spele til dans. Her kan du lese eit utsnitt frå avisa Firda Tidend om det lille stuntet:
 
BER DANSEGLADE MED TIL FJELLS
- Det har synt seg at mange ønskjer å sjå andre stader i kombinasjon med å danse om kveldane, seier musikalsk leiar i Austrheim musikklag, Trygve Apalset.

Det snart eitt hundre år gamle folkemusikklaget likar godt å spele utanfor heimkommunen. 90-års jubileet i 2007 vart feira med å reise rundt til alle dei 26 kommunane i Sogn og Fjordane. Om ein månad går turen til Bardøla Høyfjellshotell på Geilo.
 
Mat og musikk
– Vi har vore på Geilo tidlegare òg, det er tre-fire år sidan sist. Nytt i år er at matfestivalen Matglede blir arrangert medan vi er der. Det blir eit bra innslag som kan skape litt liv og røre, seier Trygve Apalset.
I samarbeid med det lokale reisebyrået inviterer musikklaget danseglade glopparar og andre med til ei helg fylt av musikk, dans, mat og nye inntrykk.
– Så langt har kring 30 personar meldt seg på, men vi reiser bortover med ein stor buss, så det er framleis ledige plassar, reklamerer Apalset.
 
 
Folkemusikklaget er imponert over all aktiviteten og all dansespelet  - vi gler oss til å høyre meir frå Austrheim i året som kjem! God jul!