På Mo Jordbruksskule i Sunnfjord kjem Leif Rygg på besøk og skal vere instruktør på det årlege helgekurset andre helga i januar. I år er det Indre Sunnfjord Spelemannslag som inviterer, saman med Havbrusen Spelemannslag og Gaular Spelemannslag. Kurset er ope for alle!

 

I Jostedalen inviterer Jostedal spel- og dansarlag til kurs med Håkon Høgemo på Jostedal Hotell. Håkon Høgemo er ein av dei fremste hardingfelespelarane i landet, og har kjennskap til mange tradisjonar. Dette er eit kurs for vidarekomne, og det vil vere fokus på innlæring av nye slåttar. Sjå her for meir info: https://www.facebook.com/events/1647793555470231/