Kvart år har Hornindal Spelemannslag sine faste konsertar. Dei spelar blant anna på sjukeheimen, i kyrkja og held konsert før jul. Dei spelar også mykje til dans, og dei vert alltid godt motteke og er ein flott institusjon for kulturlivet i Hornindal. Kåre O. Tvinnereim er musikalsk leiar, Arve Nesdal er leiar og kasserar, og Oline Løvlid sit som sekretær.
 
Stor rekruttering
Oline Løvlid er ikkje berre sekretær. Ho underviser born i song, leik og dans. I løpet av 2015 har 30 born mellom 3 og 13 vore med i Småkvedarane. Dei held og små konsertar gjennom året og syng både solo, grupper og heile laget. I desse dager øver dei godt mot Fylkeskappleiken 2016!
 
Gode ambassadørar
Hornindalsmusikken er mykje i bruk i Hornindalen, men bygda har også nokre ambassadørar som spreier musikken vidare. Britt Pernille Frøholm og Unni Løvlid er musikarar på heiltid, og tek med seg folkemusikken heimafrå og ut til resten av verda.

I haust gav Britt Pernille, saman med gruppa MAAR, ut plata Epleslang, og då sjølvsagt med konsert i Hornindal. Unni Løvlid vart norgesmeister i folkesong i år då ho vann Vokal A under Landskappleiken på Fagernes. Ho er ein aktiv formidlar av den vokale tradisjonsmusikken frå bygda.
 
Samarbeider med kulturskulen
I kulturskulen har laget to lærarar. Gunhild Sindre på fele, og Oline Løvlid på song. Dei har også eit godt samarbeid om instrumentleige - noko som gjer det enklare å halde liv i kursa.

I år har dei fått stønad til barne- og ungdomsarbeid frå Ekorned Grodås AS og Frifond - takka vere det er det enklare å drive med opplæring og rimelegare for deltakarane.
 
Hornindal Spelemannslag takkar for samarbeid i år. God julehelg og godt nytt folkemusikkår.
 
 
Og det ønskjer folkemusikklaget Hornindal Spelemannslag også. God jul!