I januar hadde Indre Sunnfjord knallstart etter jul- og nyttårsfeiring. Saman med nokre andre spelemannslag i strøket vart det arrangert hardingfelekurs på Sande med Hallgrim Skjerdal som instruktør. Han tok føre seg slåttar etter spelemannen Klaus Sande.
 
Skifte i laget
Under årsmøtet i Indre Sunnfjord Spelemannslag gjekk Sigmund Eikås av som musikalsk leiar. Sigmund starta som musikalsk leiar i 1973, og gav seg etter 42 år i høgsetet. Ingrid Heieren overtok vervet, og har heldigvis fått god hjelp på vegen frå veteranen!
 
Ivrige på dansespel
Spelemannslaget har faste øvingar på Mo kvar onsdag. Ein gong i månaden byter dei ut onsdagen med tysdag, og Mo med Borgja, og spelar til dans. I april haldt Majorstuen konsert i Borgja, og då stilte laget opp med dansespel i etterkant.
 
Kvart år er medlemmene i laget med under Førdefestivalen, både som frivillige og bidreg med dansespel - ein god tradisjon som står høgt på lista! Også på Fjelljomfestivalen deltok spelemannslaget med program og dansespel i Fjellvarden på Fjelli, saman med arrangørlaget Spelemannslaget Fjelljom. I november inviterte Gaular Spelemannslag inn til Marknadsfest på Viksdalen, i samband med den årlege Viksdalsmarknaden. Dei ba inn fleire spelemannslag i området, og alle spelte litt kvar - for å feire Gaular sine 40 år!
 
I løpet av året var det feire av medlemmene i laget som gifta seg, og spelemannslaget var hyra inn til dansespel på kveldstid. I tillegg har Indre Sunnfjord som tradisjon å dukke uanmeldt opp i runde bursdagar til noverande og tidlegare medlemmer. I år fekk Magnus Hope besøk på feringa av 75 års-dagen, der han sjølv fekk spele favorittslåttane sine. Dei heldige brurepara var Leon Årdal og Irene Hestevik, og Gro Marie Svidal og Klas Anders Haglund.
 
Kappleik og festival
På Fylkeskappleiken i Jostedalen gjorde laget det godt, men måtte sjå seg slått av Gamlebanken Spelemannslag i både runddans og lagdans. På Landskappleiken på Fagernes deltok også laget, og då med Sigmund som musikalsk leiar.
 
I oktober inviterte Indre Sunnfjord Spelemannslag inn til Vestlandskappleik i Førde. Ein strålande kappleik der laget også karra til seg siger i lagspel runddans. Fleire i spelemannslaget gjorde det også skarpt, og for å nemne nokre så var det tre jenter som tok kvar sin siger i spel fele/hardingfele; Gro Marie Svidal I A-klassen, Ingrid Heieren i B-klassen og Ragnhild Bjørkum Vassbotn i C-klassen.
 
I 1986 var Indre Sunnfjord Spelemannslag arrangør for den aller fyrste Landsfestivalen. Det var Sigmund Eikås som var primus motor for å få i gong tevlinga i runddans - noko som ikkje vart like godt motteke i heile miljøet. Til neste år er det 30 år sidan, og spelemannslaget gler seg til å stå på scena under jubileumsfestivalen. No driv dei aktivt med slåtteleiting til den store hendinga som skal gå føre seg i Gaupne - og dei gler seg!
 
 
Vi gler oss til å sjå og høyre Indre Sunnfjord Spelemannslag på scena - 30 år etter!