Under kan du lese litt om kva dei lokale musikarane frå Sogn og Fjordane bidreg med. Vi anbefalar sjølvsagt å sjekke ut heile programmet på nettsida til festivalen: www.fordefestival.no

Sunniva no
Onsdag 5. juli kl. 19:00 og torsdag 6. juli kl. 17:30 kan ein sjå den interaktive danseframsyninga Sunniva no i Ungdomshuset Viking.
Det er ei danseframsyning om tru og tvil, maktbruk og mellommenneskelege relasjonar bygd på historia om Noreg sin første og einaste kvinnelege helgen. Gro Marie Svidal er med som musikar og dansar, saman med dansarane Torill Steinjord, Vetle Springgard og Martin Myhr. Sunniva no er ein samproduksjon mellom Førdefestivalen, Sogn og Fjordane Teater og Svidal/Brantzeg.
 
Dansekurs: Polska
Mari Andrea Ness held lynkurs i den populære svenske dansen; Polska torsdag 6. juli kl. 18:00 - 19:00
 
Ole Nilssen
Under Sommarnatt på Jølster er trekkspelaren Ole Nilssen ein av artistane som held konsert i dei små stovene på Jølstramuseet. Ole er frå Løten, men busett i Jølster, og skal denne kvelden halde solokonsert.
 
Arvesølvet
Fredag 7. juli kl. 12:00, Høgsalen Sogn og Fjordane kunstmuseum
Musikarane Erlend Apneseth - fele, Øyvind Hegg-Lunde - tromme/perkusjon, Hilde Marie Holsen - trompet og Linda Gytri - trekkspel, vitja i starten av mars fylkesarkivet for å gjere djupdykk i musikksamlinga. Her finst det opptak av utøvarar fødde for nærmare 150 år sidan, og spennet er stort: Frå gravferdssalmar og bånsullar til kulokk, polka og griseviser – framført på alt frå sag til trekkspel. No skal dei fire musikarane som til vanleg arbeider innan ulike musikalske landskap framføre resultatet av vårens inspirerande skattejakt. Dei har pussa støv av arvesølvet, og laga ny musikk både kvar for seg og samen. Det store spørsmålet er: Har dei funne klangen av Sogn og Fjordane? Prosjektet er eit samarbeid mellom Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane og Førdefestivalen, og er støtta av Norsk kulturråd og Fond for utøvende kunstnere.
 
På hogg og belegg
Sigmund Eikås og musikken hans - laurdag 8. juli kl. 14:00, Festsalen
Eikås-komposisjonane vert framførte av utøvarar frå Sunnfjord som alle har hatt Sigmund som læremeistar og inspirator: Erlend Apneseth, Synnøve S. Bjørset, Gro Marie Svidal, Vidar Underseth og Dagfrid Vallestad. Sigmund sitt «eige» spelemannslag, Indre Sunnfjord Spelemannslag er sjølvskrivne, og det same er jubilanten sjølv både med spel og gode historier. Konferansier: Jostein Aardal
 
SAMULINE - frå fela syng din song
Sigrid Moldestad & vener, laurdag 8. juli kl. 17:00, Storsalen
Sigrid Moldestad kjem til Førdefestivalen med ny konsertforestilling 10 år etter «TAUS». - Eg blir aldri ferdig med historiene om Samuline Seljeset og dei andre kvinnene med feler heimanfrå. Tvert om kjennes historiene meir aktuelle enn nokongong, seier ho. Kl. 18:15 same dag kan du møte Sigrid i Utstillingssalen under arrangementet "Møt artisten".
 
Talent 2017
Laurdag 8. juli kl. 18:30, Teatersalen
Trekkspelar og naustedal Emil Horstad er i år med på talentprosjektet til festivalen, saman med Rasmus Kjorstad og Astrid Garmo frå Noreg. Samarbeidslanda er i år Cuba og Colombia. Talentprosjektet er eit samarbeid mellom Førdefestivalen og Kulturtanken, og vert støtta av Utanriksdepartementet.
 
Labakkalaget
Dansen går i Førdehuset, laurdag kl. 22:30, Festsalen - dans deg sveitt til svingande gammaldans frå Sogn!
 
Kari Malmanger
Søndag 9. juli kl. 10:00 - søndagstur til Gaularfjellet
På Utsikten på Gaularfjellet held kvedaren Kari Malmanger konsert søndag kl. 10:00