Singelen Svarvesol er ein skikkeleg gladlåt som rett og slett handlar om å spre litt glede til dei ein møter langsmed vegen, fortel trekkspelarinna Linda Gytri frå Oldedalen.  – Å svarve er eit svært lokalt uttrykk for det å stikke innom, og ei Svarvesol er ein svarvar som spreier solskin der han eller ho ferdast.

Frå solo til samspel

Gytri si debutplate Umbra (2012) hausta glitrande kritikkar og vart nominert til Folkelarmprisen som beste soloplate. – Umbra var ei rein impulsinnspeling som tok tre timar å spele inn. Denne gongen har det vore betre tid. Med den nye plata no freista eg å utvikle musikken endå meir, og då var det naturleg å få med fleire musikarar. I trioen har Gytri fått med sjølvaste Timo Alakotila frå Finland på piano, og telemarkingen Anders Bitustøyl på kontrabass.

Lanseringsturnè og festivalsommar

Trioen spelte inn plata hjå Lærdal Musikkproduksjon i oktober, og er no klare for lansering og konsertar i Bergen, Voss, Oslo, Sogndal, Florø og Oldedalen i mars månad. Til sommaren spelar dei på Førdefestivalen, og Gytri gler seg til å presentere musikken. - Vi har gjort vårt beste for å lage ei god plate, og no skal musikken få leve sitt eige liv. Singelen Svarvesol er frå og med torsdag 12. februar å finne på blant anna WIMP, iTunes og Spotify.

 

«Linda Gytri er en av de beste i Norge i en sjelden kunstart: å la folkemusikken leve fint inni eit trekksilll. Springar, vals, bruremarsjer – alt friskt, organisk og med ettertrykk!»

Gabriel Fliflet, Columbi Egg

 

Foto: Oddleiv Apneseth