Sogn og Fjordane Folkemusikklag søkjer etter ny dagleg leiar og folkemusikk-koordinator (50% stilling). Dette er ei treårig åremålsstilling. Etter åremålstida kan det bli vurdert ny åremålsperiode.  

Det vert teke atterhald om at stillingsprosent og arbeidsoppgåver kan bli endra som følgje av samarbeid med andre områdelag.

Vi søkjer etter ein person som: 

  • er samarbeidsvillig og lærevillig
  • er genuint interessert i folkemusikk, -dans og song.
  • arbeider strukturert og sjølvstendig. 
  • har godt nettverk frå fleire miljø. 
  • har eit godt språk, særleg i nynorsk. 
  • gode IT-kunnskapar, gjerne med erfaring frå nettpublisering.
  • organisasjonserfaring
  • har ambisjonar og evne til å løfte folkemusikken og folkedansen i Sogn og Fjordane inn på den kulturelle agendaen, fram i media og samtidig grip moglegheiter som dukkar opp.

Arbeidsstad: Det vert lagt opp til heimekontor.

Møtestaden i Sogn og Fjordane Folkemusikklag er som oftast Skei.
Løn etter avtale. Den tilsette vil bli innlemma i organisasjonen sin pensjonsavtale. 

Døme på arbeidsoppgåver:

  • Planlegging og gjennomføring av Mokurset eller liknande (opplæring av born og ungdom).
  • Dagleg drift av laget.
  • Utarbeide relevant informasjonsmateriell for kurs, Smørbukk-kappleiken og andre arrangement i fylkeslaget sin regi.
  • Søkje midlar til drift, kurs m.m.
  • Inspirere, stimulere og samarbeide med lokallaga våre.
  • Koordinator for Sogn og Fjordane-kappleiken og Vestlandskappleiken.
  • Administrative oppgåver i laget som å vere sekretær for styret, førebu styremøter, utarbeide budsjett og føre rekneskap m.m.
  • Informasjonsarbeid som til dømes oppdatering av laget sine heimesider, facebooksider og utsending av pressemeldingar.
  • Jobbe opp mot media for å fremje folkemusikken i fylket.

For spørsmål om stillinga, ta kontakt med dagleg leiar i Sogn og Fjordane Folkemusikklag: Dordi Boksasp Lerum, på telefon +47 959 92 700, eller e-post: dordi@folkemusikklaget.no, eller styreleiar Knut David Hustveit, telefon 915 72 217, eller e-post: khustveit@gmail.com

Send søknad med CV til: post@folkemusikklaget.no

Søknadsfrist: 1. desember 2021