Landsfestivalen vart arrangert for fyrste gong i Førde i 1986, og har seinare vore arrangert fleire gonger i både Sunnfjord og Nordfjord. I 2016 er det fyrste gongen at Landsfestivalen vert arrangert i Sogn, samt 30-årsjubileum for festivalen.

Jostedal spel- og dansarlag er eit aktivt lag både innenfor musikk og dans, og har medlemmar frå store delar av Luster kommune. Medlemmar av Jostedal spel- og dansarlag har tidlegare gjort det godt i tevlingane på Landsfestivalen. I fjor vann til dømes Arve Bjørn Røneid toradar senior, og vart såleis Norgesmeister på toradar.  Røneid har også vore primus motor og vert for Sogn Gammaldansfestival sidan år 2000, der gammaldansinteresserte har møttest i Gaupne fyrste helga i august for speling og sosialt samvær.

Gamlebanken spelemannslag er eit av dei yngste laga i fjordfylket, med medlemmar frå Sunnfjord og Sogn. Dei har dei siste åra vore aktive på Landsfestivalen med gode resultat, deriblant siger i klassa for lagspel på Landsfestivalen i 2011. Dei var det fyrste hardingfelelaget på over 20 år som vann denne klassa.

- Etter å ha delteke i fleire år og hatt mykje moro på Landsfestivalen, er det kjekt at Gamlebanken kan bidra med å lage til festival i 2016, seier leiar i Gamlebanken spelemannslag, Oda Heidi Bolstad, samt styremedlem i Jostedal spel- og dansarlag. - Det er også litt skrekkblanda fryd å ta på seg eit så stor arrangement, men mange av medlemmane har erfaring med slikt arbeid frå mellom anna Førde internasjonale folkemusikkfestival og lokal- og regionalkappleikar, så vi kjenner oss godt skodde til å arrangerer Landsfestivalen.

 

Kompakt festival

Gaupne ligg inst i Gaupnefjorden og er administrasjonssenteret i Luster kommune. – Dette vert ein svært kompakt festival, seier Bolstad. – Det er berre ein kort spasertur uansett kvar ein skal, sidan alt ligg i sentrum. I tillegg til festivalaktivitetane, kan Gaupne tilby moglegheita til å lauge seg både inne og ute, eller springe på fjellet om ein treng rekreasjon.

Endeleg dato, hovudnemnd m.m for festivalen vert offentleggjort i løpet av våren, og inntil vidare er det berre å gle seg til Landsfestivalen i Lom 5.-9.august. Les meir på landsfestivalen.no