Kom på ein festkveld med sunnmørsk-nordfjordske Kviven Duo ! Felespelarane Britt Pernille Frøholm Music og Jorun Marie Kvernberg har henta fram kjende og mindre kjende slåtte-hits frå kvar si side av Kviven, og fortel om menneska bakom tonane.

Etter konserten serverer Hyen Bygdekvinnelag heimelaga betasuppe, kaker og kaffi. Sidan spelar Hyen spelemannslag og Kviven duo opp til dans .

Billetten kostar 300 kroner for vaksne, og 100 kroner for elevar i 1. til 10. klasse. Betasuppe, kaker, kaffi og dans er inkludert i prisen.

Meir om Kviven duo:
Kviven er fjellet som skil Hornindal i Nordfjord frå Austefjorden på Sunnmøre. I mange hundre år har folk gått denne velkjende ferdselsåra mellom Nordfjord og Sunnmøre enten det var til arbeid eller fest. Mange spelemenn har utveksla musikk over Kviven og nettopp dette er grunnlaget for denne duoen. To feler, der nye og gamle slåttar i Nordfjord- og Sunnmørstradisjon nok ein gong sameinast.

Korpsa stemte i med sine jubelhorn, ministrar og ordførarar klirra med kjeder og klipte snorer. Volda og Hornindal jubla for at tunellsambandet Kvivsvegen opna nye moglegheiter for samkvem, samarbeid og ikkje minst samspel mellom dei to bygdene i 2012. Milliardprosjektet kan mellom anna skilte med ein framadstormande feleduo som fødtest etter at ein hakka seg hol gjennom fjellet Kviven.


Felespelarane Jorun Marie Kvernberg (Volda) og Britt Pernille Frøholm (Hornindal) har no brukt sambandet flittig og finpussa eit knippe kvalitetsslåttar frå kvar si side av Kviven. Kviven duo er klar for verda! I duo felespel frydar dei to allsidige musikarane både seg sjølv og publikum med dei gode tradisjonsslåttane.

Britt Pernille Frøholm har eit stort spenn som musikar, frå å vere den argaste tradisjonskjennaren til å traktere atonal samtidsmusikk. Ho kjenner me mellom anna frå gruppene MAAR, North Pole Experience, Boreas, og Friensemblet og som solist i alskens samanhengar.

Jorun Marie Kvernberg er ein av dei som har heldt koken i det prislønte ensemblet Majorstuen sidan starten, og ho spelar også med Gabriel Fliflet, Tindra, Unni Boksasp og er ein etterspurd komponist.


La Kviven sørge for sviven og syne deg bogedriven denne kvelden!