Meisterklassen Mokurs2015

Mokurset, 7.-12. juli 2018

Mokurset 2018

VELKOMEN TIL MOKURSET 2018
Mokurset er eit sommarkurs i folkemusikk og -dans, og har vore arrangert årleg sidan 1984. Mokurset er det eldste kurset av sitt slag i landet, og også det einaste som har ein særleg fokus på folkemusikk- og dansetradisjonar frå Vestlandet.
 
MEISTERKLASSE på fele og hardingfele med Rasmus Kjorstad
Dette tilbodet er for vidarekomne, på fele og hardingfele. Meisterklassen fokuserer på interpretasjonsøvingar med fokus på ulike spørsmål og problemstillingar, og med innslag av faglege refleksjonar og diskusjonar kring interpretasjon, teknikk og musikkforståing. Det vert lagt stor vekt på samspel og arrangering av slåttar.

 

SONG OG SPELKURS
På song- og spelkursa står den tradisjonelle gehørbaserte lærnga i fokus, og det vert undervist i grupper på ulike novå. Deltakarane får gjennom gruppeundervisning og individuelle timar lære tradisjonell folkemusikk og rettleiing i teknikk. Det er lagt opp til ei rekkje fellesfag som dans, dansespel, scenisk formidling, samt valfag. Kvar kveld er det konsertar og dans, og veka er prega av mange fellesakrivitetar for alle kursdeltakarane.
HARDINGFELE: Gro Marie Svidal, Alexander Røynstrand, Mathilde Skjæret
FELE: Arne M. Sølvberg, Torfinn Hofstad, Britt Pernille Frøholm
DURSPEL/TREKKSPEL: Håvard Ims
SONG: Malin Alander
 
 
FOLKELEG DANS
- for unge: Inga Myhr
Folkeleg dans er eit kurstilbod for unge. Gjennom gruppeundervisning får deltakarane lære tradisjonell dans, vals og reinlender så vel som halling og springar. Dei får utforske samspelet mellom musikk og dans, ulike teknikkar, balanse og flyt og driv i dansen.
 
MINI-MO
- for born mellom 6-9 år: Elin Grytting og Mari Andrea Ness
Mini-Mo er eit dagskurs i song, spel og dans for deg mellom 6-9 år, tysdag 10. juli kl. 12.00-15.30.
12.00 - oppmøte og lunsj
13.00 - spel, song og dans
15.30 - Program ferdig, mogleg å vere med på middag
 
Mini-Mo kostar kr. 200,-.
 
PÅMELDING
Påmeldingsskjema vert lagt ut nederst på sida i midten av februar. Påmeldingsfristen er 1. juni 2018.
 
Påmeldinga er bindande, og du vil motta faktura for kursavgift på epost. Kursavgifta skal vere betalt før kurset startar. Vi gjer også merksam på at manglande betaling ikkje er gyldig som avmelding.
 
Minstealder for å melde seg på Mokurs er 9 år. Det er inga øvre aldersgrense. For å melde deg på kurs i hardingfele, fele, trekkspel eller durspel, må du ha spelt i minst 2 år.
 
PRISAR
Meisterklasse, song,- spel- og dansekurs kr. 3200,- (syskenmoderasjon kr. 400,-) 5% rabatt på alle kurs for medlemmer i Sogn og Fjordane Folkemusikklag. Alle prisar inkluderer overnatting og mat på kursstaden Mo og Øyrane vgs.
 
Mini-Mo kr. 200,- (inkluderar lunsj og middag, tysdag 10. juli på kursstaden Mo og Øyrane vgs.)

VELKOMEN!
 
Ole Nilssen (kursleiar)
Kurset er støtta av: Førdefestivalen, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Rådet for folkemusikk- og dans, KOMP, Lerum, Luster sparebank, Tine og Sparebanken Sogn og Fjordane
| Mer++


NB! Viktig at e-post adr. vert skrive rett i dette feltet. Vi sender all info og stadfesting til denne adressa. (Eksempel: namn@minepost.no)







Vi treng å vite dette for å plassere deg i rett gruppe / We need to know this in order to find the right group level for you


Har du behov for spesiell tilrettelegging? Har du allergiar / matintoleranse? Anna vi bør vite om? Do you need special assistance? Allergies / food preferences? Other?

Fotoløyve / Photo use*
Under Mokurset blir det teke bilete som kan bli brukt i marknadsføring av kurset, mellom anna på nettsider og i trykt materiell. Eg godkjenner at bilete av meg kan brukast i marknadsføringa av Mokurset. During Mokurset photos will be taken, and these might be used when marketing the summer camp. I agree that photos of me can be used for this urpose.
EG MELDER MEG PÅ FØLGJANDE KURS / I would like to attend:*
Stadfesting /Confirm*
Eg stadfestar at opplysningane i dette skjemaet er korrekt, og er kjend med at påmeldinga er bindande. I confirm that the info given in this form is correct.
Dersom du er under 18 år må du oppgje kontaktinfo for føresette. Fyll inn namn, e-post, tlf.nr. og adresse. If you're under 18, you need to give us the contact info for your parents or other responsible person over 18.