Springar frå Søre Sunnmøre

Spelkurs med Jorun Marie Kvernberg.
Kurset er for dykk som spelar eit instrument, og som er interessert i eit større springarrepertoar frå Søre Sunnmøre.

Dansekurs med Live Karin Liaskar.
Kurset er for alle, anten du har dansa mykje eller lite før, er du velkomen.

Dato:   23. februar.
Tid:      12.00-15.00: Spelkurs.
            15.30-18.30: Dansekurs.
Stad:    Konsertsalen, Kaarstadhuset ved Høgskulen i Volda.
Pris:      Kr 200,- for eit kurs, kr 300,- for to kurs. Gratis for studentar ved Høgskulen i Volda.

Påmelding til folkemusikk@hivolda.no innan 13. februar.

Meir info her - www.folkemusikkarkiv.no

Kursa er arrangert av Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal og Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag med støtte frå Rådet for folkemusikk og folkedans.