Det har i fleire år vore snakk om krise for rekrutteringa til den folkelege tradisjonsdansen. No vil Sogn og Fjordane folkemusikklag freiste å rette på dette. Vi er overtydde om at her finst mange vaksne dansarar som vil ha stor glede av å gje kunsten vidare. Difor byr folkemusikklaget no inn til ei helg med starthjelp for å få fleire til å våge seg til med opplæring, særleg av born og ungdom.

 

Lærarar: Asbjørg og Arne M. Sølvberg.

Kurstid: Laurdag 23. nov. kl. 1200 – søndag 24. nov ca. kl. 1500.

Stad: Ungdomshuset Fjellvarden på Fjelli. (Køyr Panoramavegen ca. 25 km frå Lote eller 20 km frå Stryn sentrum).

Krav til førehandskunnskap: Berre at du har dansa litt.

Overnatting: Det skal vi ordne rimeleg for dei som treng det, anten på Nordfjord fritidssenter eller privat. Meld frå om du treng overnatting når du melder deg på.

Måltida vert i Fjellvarden. (Lunsj og middag laurdag, frukost og lunsj søndag.)

Påmelding: post (@) folkemusikklaget.no innan 15.november

Kursavgift: kr 500,-

Laurdags kvelden skipar spelemannslaget Fjelljom til konsert i Fjellvarden.

Litt meir om lærarane sin bakgrunn:

Begge har vore aktive dansarar nesten ”heile livet”, og dei fann kvarandre i folkedansmiljøet i Oslo tidleg på 1970-talet.

Sidan dei flytte til Fjelli i 1979 har dei samanhengande drive opplæring av unge dansarar. For tida har dei vel 30 gutar og jenter fordelt på to aldersgrupper. Det vert dansa både bygdedans, songleik, runddans og turdans, og dansegruppa tilhøyrer Fjelli ungdomslag. Sommardansinga på Hotel Alexandra er beste øvinga

og inspirasjonen, meiner Asbjørg og Arne. Tevlingsmomentet vert ikkje sterkt dyrka i arbeidet, men likevel har svært mange frå laget gått heilt til topps i sine klassar på Landskappleiken og andre kappleikar. I slike høve representerer dei Spelemannslaget Fjelljom.

Asbjørg har instruktørkurs i Noregs ungdomslag og dreiv opplæring av born alt medan ho budde i Oslo. Arne tok to år med folkedansstudie ved NTNU i Trondheim midt på 1990-talet. Det andre året hadde særleg fokus på opplæring.

Asbjørg og Arne har ikkje vore av dei aller ivrigaste kappleiksdansarane, men har gjort det svært godt når dei har delteke. Dei debuterte i klasse A på Landskappleiken i 2000 med ein andreplass, og fire år seinare gjekk dei heilt til topps med springaren sin. Sist sommar deltok dei for fyrste gong i runddanstevlinga på Landsfestivalen, og det gav finaleplass. Dei har og vunne denne klassen på fylkeskappleiken. Begge har og sete ved dommarbordet. Dei siste åra har dei hatt oppdrag med danseundervisning i skulane i Stryn og Eid. Arne syter og for at dei har levande musikk i undervisninga.