Unni Løvlid frå Hornindal er tildelt Kulturrådet sitt arbeidsstipend for eitt år. Stipendet er på 205.000 kroner, og føremålet med arbeidsstipendet er å gje kunstnarar høve til å vidareutvikle kunsten sin og ha kunstnarisk aktivitet som sitt hovudyrke. Løvlid er for tida busett i Oslo og turnerar inn- og utland med musikk frå heimkommunen. Her kan du høyre Unni syngje under Babel Med2015, der ho holdt solokonsert rett før påske.
 
Synnøve S. Bjørset og Britt Pernille Frøholm vart tildelt diversestipend – eit bidrag til den kunstnarlege verksemda til den einskilde søkjaren.
 
Vi gratulererer!