Margit Myhr har, i tillegg til å være ein framståande kvedar, vore engasjert i dansegruppene Frikar og Villniss, og medverka på fleire plateutgjevingar dei siste åra. Margit er ein allsidig musikar som i tillegg til vokal og dans trakterer hardingfele, langeleik og lyre. Erlend Apneseth sleppte si kritikarroste debutplate “Blikkspor” i 2013, har hatt omfattande konsertverksemd i inn- og utland, og motteke fleire prisar for hardingfelespelet sitt dei siste åra.

I Svidalen har vi denne hausten arbeidd mykje med uteområdet ved Jølsteinen. Ein møtestad for små og store har vore målet. Søndag skal leikeplassen vere klar! Å ta vare på det gode oppvekstmiljøet er viktig, ikkje minst i ei lita grend som vår. Å vere trygg og høyre til er grunnlaget for å kunne utvikle talenta sine og fylgje draumane seinare i livet. Det gjev difor ein fin symbolikk når vi kan feire den nye leikeplassen med ein konsert i grendehuset med Erlend og Margit. Velkomne!