Erlend Apneseth og Margit Myhr er to av Noregs aller fremste yngre folkemusikarar. Erlend slapp si kritikarroste debutplate "Blikkspor" i 2013. Han har hatt omfattande konsertverksemd i inn og utland, og han har motteke fleire prisar for spelet sitt dei siste åra. Margit har, i tillegg til å være ein framståande kvedar, vore engasjert i dansegruppene Frikar og Villniss. Ho har medverka på fleire plateutgjevingar dei siste åra. Ho har også vore med i fleire produksjonar på Västanå teater i Sverige som skodespelar, musikar og dansar.

Prisar: 150 kr,- for vaksne og 50 kr,- for skuleelevar.